Skal levere tusenvis av måltid

7 hours ago 3



SANDNES (TV 2): Fleire i arbeid, stansa matsvinn og hjelpe dei som treng det. Kirkens Bymisjon startar Noregs kanskje største produksjonskjøken.

 Elias Håvarstein / TV 2
SKINNANDE REINT: Eit splitter nytt kjøken skal snart bli ein travel arbeidsplass for dei tre kokkane og ei rekkje unge vaksne i arbeidstrening. Foto: Elias Håvarstein / TV 2

Publisert 23.01.2025 06:39

– Eitt tusen sju hundre kilo kjekjøt.

Lage mat kan han. Robert Ottesen er ein erfaren kokk. 

Likevel er det ikkje berre berre å skulle forvalte tonnevis av råvarer kvar einaste dag.

– Vi skal vere førebudde på å levere to tusen måltid frå dag éin, seier Ottesen. 

 Elias Håvarstein / TV 2
TESTAR: Kokkane på kjøkenet i Sandnes prøver ut operasjonen før startskotet går 23. januar. Foto: Elias Håvarstein / TV 2

Fryselageret er allereie fylt med enorme mengder av alt frå pommes frites til fløte.

Og dei mange blytunge kassane med ingrediensar til alle måltida? Heilt gratis. 

– Det er skikkeleg fint å tenkje på at vi gjer dette for dei som treng det, seier kokken. 

– Investerer mange millionar

For eitt og eit halvt år sidan starta prosjektet som skal ende med storproduksjon av ferdigmåltid. 

Frå og med torsdag blir middagar sende frå Sandnes til Bergen i nord og Kristiansand i sør. Ambisjonen er 4000 måltid kvar dag. 

– Vi veit at i samfunnet er det mange som slit med rus, psykisk vanhelse, einsemd òg fattigdom, som gjer at dei ikkje kan laga seg denne maten sjølve, seier Inge Takle Mæstad, regionleiar i Kirkens Bymisjon. 

 Kristian Myhre / TV 2
VIL BIDRA: Regionleiar i Kirkens Bymisjon, Inge Takle Mæstad, seier produksjonskjøkenet er eit nytt, fast tilbod. Foto: Kristian Myhre / TV 2

– Vi ønsker då å bidra for at mat som elles ville blitt kasta skal bli næringsrike måltid for dei som treng det.  

Tilbodet er eit samarbeid med Matsentralen, som finn formål til overskotsmat som elles ville vore i fare for å bli kasta. 

– Det kan til dømes vere tilitersdunker med majones eller crème fraiche som er umogleg å pakke over i matposar, men også kjøt og fisk, seier Takle Mæstad. 

– Ville all maten ha blitt kasta? 

 Kristian Myhre / TV 2
ENDELEG: Prosjektet har lenge vore i emning, og regionleiar Inge Takle Mæstad er glad for å kunne starte produksjon av ferdige måltid. Foto: Kristian Myhre / TV 2

– Det aller meste av den maten ville blitt kastet, og det er forferdeleg å tenkje på at det samtidig er menneske som er svoltne og manglar mat, seier regionleiaren. 

Investerer millionar

Nokon billig operasjon er det ikkje. Mattilsynet har strenge krav, og for at kokkane skal kunne lage all maten treng dei skikkeleg utstyr med ordentleg volum. 

– Investeringane i kjøkenet ligg på om lag 12–14 millionar kroner i utstyr. Det har vi først og fremst fått til takka vere Norgesgruppen og andre investeringar, seier Takle Mæstad. 

 Elias Håvarstein / TV 2
NYASTE MODELL: Dei massive grytene på kjøkenet har meir volum enn eit vanleg badekar og kjem flunkande nye frå Tyskland. Foto: Elias Håvarstein / TV 2

– Går nok bra

For å få det heile til å gå rundt, skal dei tre profesjonelle kokkane få tolv lærlingar inn i storproduksjonen. 

Ordninga er eit samarbeid med NAV, og dei unge vaksne skal inn på kjøkenet for verdifull arbeidstrening. 

Ein av dei som har vore i lære på eitt av Bymisjonen sine kjøken i to år allereie, er Erik Horpestad. 

 Elias Håvarstein / TV 2
TRAVELT: På Kaffekoppen lagar Eivind Koppang og Erik Horpestad gode, næringsrike måltid frå overskotsmat. Foto: Elias Håvarstein / TV 2

– Du tenkjer annleis når du berre bruker overskotsmat, etter kvart kan du òg setta saman rettar i hovudet, seier Horpestad. 

Saman med kokk Eivind Koppang må dei vere kreative kvar einaste dag på jobb. I likskap med storkjøkenet i Sandnes er maten overskotsmat. 

– Det er eigentleg ei gåve. Me kjem til Matsentralen, treff kjekke folk, får ei jekketralle og går gjennom både frys, kjøl og eit matvarelager, seier Koppang. 

 Elias Håvarstein / TV 2
LÆRLING: Erik Horpestad har i lenger tid vore i lære på kjøkenet til Eivind Koppang. Mentoren klarer ikkje skjule at han er stolt. Foto: Elias Håvarstein / TV 2

– Det tek Erik og eg med oss, og lagar, trur eg, fantastisk mat. 

Og på travle dagar trur lærlingen det skal gå bra for dei kommande lærlingane på storkjøkenet i Sandnes. 

– Eg trur det kjem til å gå heilt fint. Dei må berre lære seg å kjenne kjøkenet, men utover det vil det gå heilt fint, seier Horpestad. 

Read Entire Article