Siren frå Fauske fekk 765 stemmer – skal på Stortinget

2 weeks ago 17



Siren Jensen (42) frå Fauske kom inn på Stortinget for MDG i Finnmark med under 800 stemmer.

No skal ho bytte arbeidsplass frå skuleverket til Stortinget.

– Det er framleis litt fjernt og eg må klype meg sjølv i armen. Men det er jo kjempeartig å bli valt inn på Stortinget, seier ho til avisa iFinnmark.

Jensen er stemt inn på Stortinget gjennom eit utjamningsmandat frå Finnmark. Eit utjamningsmandat skal sikre eit større samsvar mellom talet stemmer som eit parti får, og kor mange representantar dei får i nasjonalforsamlinga.

Kva komitè ho skal sitte i, blir avgjort i løpet av hausten.

Read Entire Article