Natt til tysdag, klokka 01.37, fekk politiet melding om ei kvinne som hadde falle frå ein altan i Fana i Bergen.
– Fallet skal ha vore mellom fem til sju meter, opplyser operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt til NRK.
Kvinna i slutten av 40-åra vart frakta til Haukeland universitetssjukehus for vidare undersøkingar og behandling.
Ho var medviten då politiet kom fram, men skadeomfanget er foreløpig ukjent.
Ein mann i 60-åra vart funnen i leilegheit kvinna skal ha vore i.
På bakgrunn av slik politiet oppfatta situasjonen vart han pågripen og sikta for fridomskrenking.
Hendinga skjedde i ei bustadblokk i Fana i Bergen.
Mistenker at kvinna prøvde å rømme
– Ein teori er at det var ei villa handling frå kvinna si side, og at ho har blitt halden i leilegheita mot sin vilje, seier politiadvokat Silje Åsnes.
Politiet har fått ei forklaring frå den sikta mannen, men vil ikkje gå nærmare inn på kva han har sagt. Han skal avhøyrast igjen i løpet av tysdagen.
Då politiet kom til bustadblokka var også brannalarm og sprinklaranlegg utløyst i leilegheita.
– Det skal ha blitt utløyst med vilje, for å tilkalle politiet, opplyser Åsnes.
Men det er uvisst om det er kvinna eller mannen som har utløyst alarmen.
– Det er vasskadar i leilegheita, opplyste operasjonsleiar Rebnord tysdag morgon.
Det skal ikkje vere ein relasjon mellom mannen og kvinna, og ingen av dei har registrert adresse i leilegheita.
– Den som er registrert på adressa var ikkje til stades, seier Åsnes.
Politiet jobbar med å etterforske saka vidare.
Publisert 30.09.2025, kl. 09.55 Oppdatert 30.09.2025, kl. 10.31