UDI opprettar no 750 nye mottaksplassar etter ei markant auke i talet på ukrainarar som søker beskyttelse i Noreg.
150 plassar blir gjort tilgjengeleg umiddelbart, melder dei i ei pressemelding.
PU: Tala minner om då Ukraina-krigen starta
– Frå slutten av august ser vi ein markant vekst, særleg i gruppa unge ukrainske menn, seier Arne Jørgen Olafsen, sjef for Politiets utlendingseining (PU) til NRK.
Ifølge Reuters fekk ukrainske menn mellom 18 og 22 år frå slutten av august lov til å forlate landet.
Dermed blei den tidlegare restriksjonen oppheva, der alle menn mellom 18 og 60 år måtte bli verande i Ukraina etter den russiske invasjonen i 2022.
PU merkar allereie den kraftige auken.
Førre veke kom det 614 søkarar, det seier sjefen for PU «minner om tala frå 2022».
2022 var året då den russiske invasjonen starta, og store ukrainaske flyktningstraumar nådde Noreg.
I tillegg står 479 personar i dag i venteinnkvartering utan å vere registrerte, opplyser PU.
– Ventetida kan vere opp til to veker. Då mister politiet viktig informasjon i sanntid, noko som gjer det vanskelegare å forstå årsaker og utviklingstrekk, seier han.
Olafsen forklarer at registreringa tar lenger tid no enn tidlegare, fordi situasjonen har endra seg.
– I starten av krigen hadde dei fleste dokument som var utferda før februar 2022. No kjem fleire med papir som er utferda etter krigen eller frå andre land, noko som gjer identitetskontrollen meir krevjande, seier han.
UDI seier dei følger situasjonen nøye
Også Utlendingsdirektoratet (UDI) ser den same utviklinga.
Tal frå direktoratet viser at aldersgruppa 18 til 22 står for 41 prosent av alle ukrainske asylsøknader så langt i september.
Det er ein kraftig auke frå tidlegare i år, då delen låg på under 10 prosent.
– Belegget i mottaka stig i takt med innkomstane. Vi følger situasjonen fortløpande og vil justere kapasiteten dersom det blir nødvendig, seier Knut Henrik Berntsen, seksjonsleiar i UDI.
UDI har tidlegare peikt på at auken fell saman med vanlege sesongsvingingar. No skriv direktoratet sjølv at aukinga er markant.
Knut Henrik Berntsen, seksjonsleiar i UDI.
Foto: Lars Håkon PedersenKan vare lenger enn planlagt
Olafsen i politiets utlendingseining, seier at Noreg ikkje er åleine.
– Dei nordiske landa har også opplevd ein liknande auke i aldersgruppa 18 til 22 år, seier han.
Han meiner situasjonen reiser spørsmål om ordninga med kollektiv beskyttelse, som vart innført kort tid etter at krigen braut ut.
Arne Jørgen Olafsen, sjef for Politiets utlendingseining (PU).
Foto: Geir Olsen / NTB– Denne forenkla ordninga har no vart i over tre og eit halvt år. Det er sider ved ordninga som truleg ikkje var meinte å vare så lenge, seier Olafsen.
NRK har spurt Justisdepartementet om kommentar kring ordninga, men har ikkje fått svar.
Forskar: Auken kan opne for ressursar men også risiko
– Vi har vore spente på kva lovendringa i Ukraina ville føre til. Difor kom det ikkje som ei stor overrasking at unge menn nytta seg av høvet då det opna seg, seier Aadne Aasland, forskar ved Oslomet.
Han peikar på fleire grunnar til at menn mellom 18 og 22 år no reiser ut.
– Nokre ønsker nok å flykte for å unngå framtidig mobilisering, men biletet er meir samansett, seier han.
Han forklarer at det kan handle om krigstrøytte, daglege truslar, økonomiske motiv og ønsket om å bli gjenforeina med familien.
Aadne Aasland, forskar ved OsloMet.
Foto: Hanne WilhelmsAasland meiner utviklinga både kan opne for nye moglegheiter og skape utfordringar.
– Dersom dei blir integrerte i arbeidslivet, kan dei bli ein kjærkomen ressurs. Men utan tilgang til utdanning eller jobb, er det ein reell risiko for sosial marginalisering.
Han åtvarar mot konsekvensane dersom integreringa ikkje lukkast.
– Yngre menn utan tilknyting og med svakt sosialt nettverk har kjent høgare risiko for å bli involverte i kriminalitet, seier han.
Venting kan svekke integrering
Norsk organisasjon for flyktningar og asylsøkjarar (NOAS) åtvarar mot ventetid i registreringsprosessen.
– All venting og unødig opphald i ein registrerings- eller statusprosess er uheldig, skriv generalsekretær i NOAS, Mads Almaas til NRK.
Han peikar på at minneevne er ferskvare, og at lang ventetid både kan forseinke integrering for dei som får bli, og utsetje avklaring for dei som ikkje får opphald.
Mads Almaas, generalsekretær i NOAS.
Foto: NRKPublisert 30.09.2025, kl. 11.24 Oppdatert 30.09.2025, kl. 11.57