For 22 år gamle Nazifa var internett ei siste livline.
Ho studerte då Taliban tok tilbake makta i Afghanistan i august 2021.
Nazifa blir halden anonym for å ivareta tryggleiken hennar.
I åra som har følgt har Taliban slått hardt ned på kvinners rettigheiter til å studere og jobbe. Dei har også strupa det meste av uavhengig presse.
– Internett har latt meg halde fram med å studere gjennom nettundervisning. Det har også latt meg halde kontakta med folk utanfor landegrensene, så eg ikkje har kjent meg fullstendig isolert frå omverda, seier ho til NRK.
Mange kvinner har søkt til tilbod på internett for utdanning og informasjon.
Foto: FAROOQ NAEEM / AFP / NTBMen så blir det mørkt. Dei siste vekene har Taliban gradvis kutta internettet i fleire regionar.
Frå tysdag av er heile landet utan internett, på ubestemt tid.
Organisasjonen NetBlocks, som overvakar internettforbindelsar over heile verda, seier det er snakk om ein «total blackout».
Skal «overvinne umoral»
Taliban seier at nedstenginga er ein del av ein kamp mot «umoral» i samfunnet.
Ein talsperson i Balkh-provinsen seier at nedstenginga skjer etter ordre frå Taliban-leiar Haibatullah Akhundzada for å stoppe «upassande aktivitetar», skriv BBC.
Dei fleste av Afghanistans 34 millionar innbyggarar får internett gjennom fiberkablar frå nabolanda. All trafikk, som YouTube, TikTok og internasjonale nyheiter, går via desse kablane.
Taliban-leiar Haibatullah Akhundzada på eit klistremerke.
Foto: MOHD RASFAN / AFP / NTBTaliban har ikkje like avanserte filterverktøy som Kina og Iran, og har difor ikkje lukkast i tidlegare forsøk på å sensurere einskilde appar og nettsider.
Men å stenge heile fibernettet er fort gjort. Taliban styrer nemleg statlege leverandørar, som Afghan Telecom.
Fleire plassar er mobildekninga nede, og mobildata blir òg påverka, fordi mobiltårna treng fiber for å fungere. Nedstenginga betyr at både privatpersonar og bedrifter mistar all nettilgang, inkludert mobiltenester.
Antenner på ei høgde over Kabul tysdag 30. september.
Foto: WAKIL KOHSAR / AFP / NTBEnkelte flyavgangar er også påverka, og diplomatar har varsla at bank- og e-handelssystem kan bli ramma.
Taliban seier at dei prøver å bygge eit alternativt system som skal dekke det dei ser på som grunnleggande behov innanlands, skriv The Independent.
Siste håp
Internett har dei siste åra vore redninga for fleire unge kvinner som Nazifa.
Nettbaserte undervisningstilbod, støttegrupper og arbeidsnettverk har ofte vore einaste alternativ etter at Taliban innførte skule- og universitetsforbod for jenter, ifølge Human Rights Watch.
Ei jente på veg for å hente vatn i Kabul. Afghanistan er ramma av alvorleg vassmangel.
Foto: SAYED HASSIB / Reuters / NTB– Den totale nedstenginga av internett er eit direkte angrep på kvinners utdanning, arbeid og stemmer, seier Judyth Hill til NRK.
Ho leiar PEN sin skrivekomité for kvinner, og seier ho er djupt uroa.
– Å skru av fibernettet betyr å kutte av dei livlinene dei har hatt igjen under eit større angrep på kvinners rettar og ytringsfridom. Studentar, lærarar, journalistar og entreprenørar står no overfor ennå større isolasjon og mister alle moglegheiter til å delta i offentlegheita, seier ho.
Tidlegare denne månaden fjerna Taliban også alle bøker skrivne av kvinner frå universiteta i landet.
– Det kjennest som eit forsøk på å utslette vår eksistens frå historia og kulturen, seier Nazifa.
Publisert 30.09.2025, kl. 14.15