Det er mange måtar å lukkast som gründer på.
Men eitt kriterium er følgjande:
Det gjeld å selja noko som folk vil ha.
– Eg har vel treft ei nerve, seier Silje Vatne Ersland, gründeren av klesmerket Kattnakken.
I 2023 var det over 80.000 som starta opp som gründarar.
Hovudvekta av dei var unge mellom 16 og 24 år, medan 30 prosent var kvinner.
Men, historiske tal viser at berre eit fåtal av dei kjem til å lukkast.
Etter fem år er godt under halvparten framleis i drift, viser tal frå SSB. (Sjå oversikt lenger ned i saka).
– Dei som mislukkast har ikkje ein god nok idé, seier Tor W. Andreassen, professor i innovasjon ved Noregs handelshøgskole, NHH.
Omsetnaden rett til vers
Hos Kattnakken AS har derimot pilene gått ein veg sidan oppstarten.
Rett oppover.
I 2013 hadde selskapet omsetnad på litt over ein halv million.
I 2024 passerte selskapet omsetnad på 46,9 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 8,7 millionar.
– Me har eit motto her hos oss. Me må ikkje verta sidrumpa, seier den kvinnelege gründeren, som no har over 10 tilsette.
Silje Vatna Ersland travle dagar på lageret til merket sitt Kattnakken. Kleda vert sydde i Kina, før dei vert eksportert til Stord.
Foto: Olav Røli / NRKFordel å komma frå Vestlandet
Silje Vatne Ersland hadde eigentleg ikkje noko plan om å verta gründer, men ville laga seg sin eigen jobb.
Ho jobba tidlegare med merket Reflex, og meinte det var eit hól i marknaden for regnklede:
Dei skal halda ungane tørre og vara lenge.
– Det gjeld å ha 120 prosent fokus på det du gjer. Og ikkje bruka meir pengar enn du har, seier Vatne Ersland som den viktigaste årsaka til at ho har lukkast.
Ho meiner det er fleire andre merke som også lagar gode regnklede for barn.
Men gründeren peiker på fleire ting som ho trur gjer at dei har slege igjennom.
Merket er norsk, ho er sjølv frå eit regntungt Vestland, og dei har hatt fokus på kvalitet og gjenbruk.
– At eg er frå Vestlandet har slått veldig godt an, ifølgje ho.
Mest søkt etter på Finn
Den første butikken vart opna på Bislett i Oslo i 2015. Seinare har kleda funne vegen inn i fleire og fleire norske garderobar.
Det var på Bislett den første butikken med det norske merket såg dagens lys.
Foto: PRIVATIfølgje tal frå Schibsted Marketplaces var Kattnakken det meste søkte etter i kategorien barneklede dei siste fem månadene på Finn.no.
Totalt hadde dei 35.865 søk, medan merker som Bergans i same periode hadde 8.843, Reima 7.772, og Helly Hansen 5.728.
– Kattnakken har over lengre tid vore eitt av dei meste populære søka i kategorien barneklede, opplyser kommunikasjonssjef i Finn, Adele Cappelen Blystad.
– Vart nyfikne med ein gong
Går du i ein barnehage i Ersland sin heimkommune Stord er det ikkje så vanskeleg å få auge på merket.
– Foreldre her på Stord vart nyfikne på kleda med ein gong dei kom. Så me har vore med på heile reisa, seier styrar i Læringsverkstedet Sæ Barnehage, Sarah Helen Spilde Almås.
Berit Roald / NTB
Maja Mejlænder Fleischer, Fleischer Couture (la ned i januar 2025)
Me dreiv i 16 år hadde god lønnsemd dei fleste av åra. Men under lockdown starta utfordringane for oss. I tillegg var det ytre omstende, som sterk auke i fraktpris, høg dollarkurs, inflasjon, høg rente og svekt kjøpekraft. Me meiner me har ein sterk merkevare framleis.
Å lukkast som klesgründer er krevjande, men ikkje umogleg. Du må aller først ha ein god idé, og tru på den.
Lise Åserud / NTB scanpix
Simen Staalnacke, Moods of Norway-gründer:
I 2017 gjekk eit av dei mest kjente norske klesmerka, Moods of Norway, konkurs.
Då gründer Simen Staalnacke gjesta NRK sitt Sommeråpent, to år etter konkursen, forklarte han følgjande:
– Me vaks nok litt for raskt, vedgår Staalnacke.
– Ein må heile tida våge å satse og gje litt gass. Men kanskje ikkje i like stor grad som vi gjorde i våre glansdagar, sa han vidare.
ALEKSANDRA LAMBERG
Per Åge Bergquist Sivertsen, fagansvarleg tekstil, Fagskolen Kristiana:
For å lukkast som klesdesignar, må ein finna ei opning i marknaden.
Mange av våre studentar har eit ynskje om å designa eiga merke, men dei får seg ein realitetssjekk i studietida.
Me har stor interesse for våre moterelaterte studium. Det kan skuldast både at bransjen er kreativ og i endring. Dessutan kan måten trendar vert spreidd på i sosiale medium vera med på å byggja opp under ein interesse.
Det er ingen offisielle testar av regnklede lenger, ifølgje Ingunn Grimstad Klepp, professor i klede og berekraft ved Oslo Met.
Difor er erfaringar og tilbakemeldingar mellom foreldre viktige.
På fleire diskusjonsforum for småbarnsforeldre vert merket hyppig diskutert, og erfaringane er mange.
Grimstad Klepp, som ikkje kjenner Kattnakken godt, peiker på at èin ting er viktig for småbarnsforeldre.
Dei gjer nærmast kva som helst for at ungane skal ha det bra, spesielt i barnehagen.
– Ein lukkeleg barndom er å vera ute, gjerne med å plaska i søledammar. Dermed er krava til kleda skyhøge, og det er høg betalingsvilje i marknaden, seier ho.
Om det då spreier seg ein idé om at eitt merke er veldig bra, eller ungane sjølv vil ha det på seg, så vil det føra til auka sal.
– Foreldre forlèt ungane sine i barnehagen med bankande hjarte. Då vil mange prøva å syta for at ungane har gode klede på seg, forklarar ho.
Det er eitt merke som går igjen i mange barnehagar på Stord. Her i Sæ Barnehage.
Foto: Olav Røli / NRKLettare å lukkast med erfaring
For kven er det eigentleg som har størst sjanse til å lukkast som gründer?
Det er eit par ting som går igjen blant dei som lukkast. Det er nemleg ikkje dei unge, hippe og kule i kreative miljø som har størst sjanse for å få ting til.
I staden er det folk over 45 år som lukkast best.
– Dei har gjerne utvikla og polert ein ide over lang tid, i staden for at dei vaknar opp ein morgon og tenkjer at ansjos på pizza, det er ein god idé, seier Andreassen ved NHH.
Tal frå SSB syner at nokon bransjar tilsynelatande er lettare å lukkast i enn andre.
Statistikken fortel at fleire lukkast med å vera i drift etter fem år innan næringskoden, vatn, avløp, renovasjon og gjenvinning, enn t.d. bergverk og utvinning.
Det finst ikkje eigne tal som fangar opp bransjekoden Kattnakken ligg under.
Kvinner meir forsiktige
Stine Fiksdal, administrerande direktør for Vestlandets innovasjonsselskap, meiner kvinner oftare er meir forsiktige enn menn når det gjeld risiko.
– Når me jobbar med kvinnelege gründarar utfordrar me dei på å setja ambisiøse mål. Men om dei ikkje klarar alt, men 80 prosent, så er det godt nok. Samstundes, når kvinner har sagt at dei skal levera, så kan du stort sett stola på det, meiner ho.
Det er travelt på nettbutikken til klesmerket om dagen. Ny kolleksjon har gitt mange nye bestillingar.
Foto: Olav Røli / NRKPå lageret til Kattnakken, rett ved E39 på Stord, er eit nytt stort robotlager på plass denne veka.
– Dette har vore ein draum heilt sidan eg starta merket. Me tek ein risiko, men ikkje større enn at det skal me klara. Du må tora å risikera litt om du skal lukkast, seier Vatne Ersland.
Hei!
Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post.
Publisert 29.03.2025, kl. 11.49