Satsar på hotell i Hellas: – Anten går det bra eller full­stendig til helvete

3 hours ago 1



Ei ringeklokka som ikkje fungerer, ein smal gang med barneklede hengande på fullstappa knaggar, og ein radio som står og summar i bakgrunnen.

Heime hjå ekteparet Ronny og Tuva er det eit herleg kaos, som berre blir toppa av at Tuva velter eit glas med vatn som står på det rosa middagsbordet.

Mens ho moppar det våte golvet og Ronny heller kaffi i koppane, kan ein sjå at desse to har fått ein ny drivkraft, ein ny energi, i livet.

Og det er akkurat det dei har kjent at har mangla i det siste.

Eitt år i tåka

I løpet av ein fireårsperiode gjekk ting slag i slag. Dei fekk sitt første barn, så fekk Tuva påvist forstadium til brystkreft og måtte i behandling. Deretter gifta dei seg og vart gravide med sitt andre barn.

en mann og kvinne som står på kjøkkenet

Det vart ein kaotisk start på intervjuet, som for så vidt passa godt, med tanke på at det skulle handla om den kaotiske tida dei har vore igjennom.

Foto: Marit Eide / NRK

Dei var halvvegs i svangerskapet då Tuva fekk påvist brystkreft.

Det er vel det hardaste eg – og me – har vore gjennom, i heile mitt liv, fortel 38-åringen.

Året 2024 gjekk med til cellegift, operasjon, stråling, skifting av bleier, mating og å halda kvardagen i gang for eldstebarnet.

– Det var ein utruleg tung periode, samtidig som det var blanda med ekstrem lykke over å ha fått eit barn til, fortel Tuva.

Programleiarparet beskriv året som «tåkelagt».

– Ja, eg hugsar ingenting av det, samtidig som at heile kroppen var spent som ein boge i heile den perioden. Eg stod liksom parat til kva enn som skulle skje, skyt Ronny inn.

Tomt batteri – kva no?

No har det gått eitt år sidan kvardagen gjekk meir eller mindre tilbake til normalen, men likevel har ikkje ting blitt heilt slik som det var før.

To menneske som sit på ein båt.

Så langt i år har paret hatt fleire hektiske turar til Hellas med kameraet på slep.

Foto: Fenomen

– Då eg var ferdig i behandling trudde eg kanskje at eg skulle kjenna på meir glede. Men så er eg eigentleg berre redd. Eg er jo kjempeglad og takksam, men det sit liksom så støkk i meg. Og eg trur det er slik som du Ronny har sagt, at livet har på ein måte litt mattare fargar, fortel Tuva og ser på ektemannen, som tar ordet:

– Ja ... Eg blir jo veldig lett glad, elles, men det er akkurat som om ein har brukt opp ein del kapasitet på å stå anstrengt i eit år. Eg føler at batteriet er litt tomt.

Et bilde av en mann og en kvinne sitter ved et bord og drikker øl

– Dottera vår fant tilfeldigvis dette bilde her om dagen. Det er frå vår første tur til Hellas, fortel Ronny.

Foto: Marit Eide / NRK / privat

Paret sat igjen med ein følelse av at dei burde kjenna på meir glede, meir entusiasme. Men i staden for tenkte dei berre «kva no?».

– Og då sa Ronny: «Kanskje det er no me skal kjøpa det hotellet i Hellas? Kanskje me berre skal gjera det?» Det kjennest som det rette tidspunktet å berre endra kurs i livet. Å «gønna» på med noko heilt anna, fortel Tuva.

Draumen om eit lite hotell i Hellas, er nemleg noko som programleiarparet har leikt seg med heilt sidan 2013, då dei var nyforelska.

Draumen om Hellas

– Eg oppdaga jo Hellas som land, som fenomen og den perfekte feriestad omtrent då eg og Tuva vart saman, fortel Ronny.

Ho har feriert i landet gjennom heile oppveksten, men for førdianaren var det ei heilt ny oppleving då dei reiste til Skiathos, då dei var i midten av tjueåra.

Ein mann og kvinne som sit på ein mur med drikke i handa og smiler. en person som svømmer i vann

Paret har hatt mange feriar i Hellas. Her i 2014 og i 2022.

Privat

– Då tulla me og sa at dersom me blir lei av mediebransjen, livet er hardt eller me treng ei endring, då skal me starta ein liten «bed and breakfast» i Hellas. Og me har vore på mange Hellas-feriar etter det, der me har prata om den same ideen, fortel han.

I over ti år har dei planlagt ein hypotetisk meny på det hypotetiske, vesle hotellet. Dei har diskutert hypotetisk arbeidsfordeling (Tuva ordnar maten, mens Ronny står i baren) og gleda dei kan gje dei hypotetiske gjestane.

– Så er det jo sånn med draumar at det som oftast held fram med å vera draumar. Ein snakkar masse om det, men så kjem ein heim til kvardagen og ein tenker at å kjøpa eit hotell i Hellas skal ein i alle fall ikkje gjera, seier Tuva.

Ronny Brede Aase og Tuva Fellmann på tur i Hellas

Ronny og Tuva har lyst til å endeleg realisere draumen dei har bert på i mange år.

Foto: Privat

Men i den kvardagen som ikkje heilt fekk tilbake fargane, begynte paret å spekulera i om løysinga kunne vera å faktisk følga draumen.

– Eg kjenner at etter å ha vore gjennom noko heilt ekstremt, av negativ art, så må ein gjennom noko ekstremt, av positiv art, for å vega det opp. Sånn at det blir jamna ut igjen, seier Ronny.

Det dei har opplevd dei siste åra, har senka terskelen for kva som er skummelt og kva som er kjipt å ikkje få til.

– Me har fått ei påminning om at livet er for kort til å ikkje prøva på det ein drøymer om. Me vil sjå om me kan få til den draumen me alltid har hatt, seier Tuva entusiastisk.

Tuva Fellmann og Ronny Brede Aase står på ein høgde med utsikt bak dei.

Tuva og Ronny omringa av pittoresk gresk landsby.

Foto: Privat

Satsar alt dei har

Det var i jula at dei tok steget og bestemte seg for å gjera det. Då dei fortalde om prosjektet til ein venn som jobbar i eit produksjonsselskap, svara han at dette måtte det jo bli TV av.

Så no blir hotelldraumen også ein serie på NRK.

Det er ikkje sånn at NRK kjøper eit hus og me pussar det opp. Me gjer dette, og NRK er med og ser på at det anten går bra eller fullstendig til helvete. Det er 100 prosent vår risiko, forklarar Ronny.

Ekteparet satsar alt.

Me tek alle pengane me har, startar Tuva, mens Ronny fortset:

Me tømmer firmaet vårt for alt av buffer, og så tek me eit par millionar ekstra i huslån. På den måten rekk det akkurat til å kjøpa eit hotell. Og så må me finna vennar som vil investera i det, for å få råd til oppussing.

Ronny Brede Aase står på taket av ein bygning i Hellas.

Ronny på synfaring i Hellas.

Foto: Privat

På nyåret starta jakta på det perfekte vesle hotellet: Ein «bed and breakfast» med 6 til 12 rom, og ein sosial sone der alle gjestane kan kosa seg med god mat og drikke.

Men det å kjøpa eigedom i eit heilt anna land, krev masse ny kunnskap.

Me har sett oss ned med alle dei greske folka me kjenner og sagt at «dette har me lyst til å gjera». Alle seier at me må gjera det, men dei seier også «lykke til», for det greske byråkratiet er spennande greier, seier Tuva.

Dei anslår at dei har vore og sett på nesten 30 hotell sidan påske.

Me har verkeleg snudd kvar stein, besøkt kvar eigedom, på øyene og fastlandet. Me har funne eit par som me synest er interessante. Og så viser det seg at å komma frå at det er interessant, til å få lov til å kjøpa det, er veldig vanskeleg, fortel Ronny.

Både Hellas og Noreg

Planen er å bruka tida fram til hausten 2026 på å pussa opp og gjera hotellet klart til å ta imot gjestar.

– No skal me gi alt me har for å forhåpentleg få kjøpt og pussa opp eit hotell i løpet av det neste året, før dottera vår begynner på skulen. Det er målet vårt, det er draumen vår og det skal me få til, seier Ronny og bankar i bordet.

en person som holder en øl og en gyros Tuva Fellman i Hellas

For desse to er det få ting som slår stemninga og folka i Hellas.

Privat

Paret skal altså ikkje flytta frå Noreg.

– Draumen er å drifta det i skuleferien, mens resten av året er det nokon andre som driv det.

Radiovertane gler seg til å dra opp ermene og setta i gang med fysisk arbeid.

Men me har gresk advokat, me har gresk sivilingeniør, me har gresk arkitekt. Så me er ein gjeng no som jobbar med dette. Det er veldig gøy, seier Tuva.

Men sjølv om dei har eit stjernelag på plass, er det nok av bekymringar og hinder som står i vegen.

Av og til kan eg vakna på natta og tenka: «Kvar leiger ein konteinar i Hellas? Kvar skaffar ein lift?», seier Tuva og ler, før ho påpeiker at noko av det flotte med Hellas, er dei rause folka som bur der:

Når eg ikkje veit kvar eg bestiller konteinar frå, så skal eg lova at naboen veit det og at han er villig til å hjelpa meg. Så det roar meg litt.

en mann og en kvinne som sitter ved kjøkkenbordet.

Både Ronny og Tuva elskar å jobba og gler seg til å gjera noko nevenyttig.

Foto: Marit Eide / NRK

Korleis denne hotelldraumen vil enda, og om dei i det heile finn det perfekte hotellet, gjenstår å sjå. TV-serie blir det uansett, men når den kjem og kva namnet blir, veit dei ikkje.

Og sjølv om det verkar som eit ekstremt prosjekt å ta på seg i tillegg til å ha to barn og fulltidsjobb, kan det sjå ut som om at det er nettopp ei slik umogeleg oppgåva som er det som kan få tilbake fargane i livet til Tuva og Ronny.

Publisert 04.09.2025, kl. 08.00 Oppdatert 04.09.2025, kl. 08.14

Read Entire Article