SAS-streiken er over

1 month ago 23



Fellesforbundet og NHO Luftfart har tysdag morgon landa ein ny avtale for dei kabintilsette i SAS etter å ha forhandla sidan måndag kveld.

Det stadfestar riksmeklar Mats Ruland overfor NRK.

Streiken er med det avblåst.

Forbundsleiar i Fellesforbundet Jørn Eggum er svært nøgd med resultatet.

– Dei viktigaste krava våre er innfridde. Vi har avtalt ein solid lønnsauke, meir helgefri og ordentlege matpausar på bakken, seier han i ei pressemelding.

Også NHO Luftfart er glade for at streiken no er over.

– Det er veldig bra for selskapet, dei tilsette og ikkje minst alle reisande at vi no har fått på plass ein avtale, seier administrerande direktør i NHO luftfart Erik Lahnstein.

Sonderingar måndag

Partane møttest til eit sonderingsmøte hos Riksmeklaren måndag kveld. Streiken hadde då vart sidan fredag morgon.

I løpet av kvelden gjekk møtet over til å bli reelle forhandlingar, som no har ført fram til ein ny avtale for dei tilsette.

Streiken har ført til mange avlyste flyavgangar for SAS. Selskapet har ein anstrengt økonomi, og streiken har ramma selskapet hardt.

Det var varsla ei opptrapping onsdag.

Tysdag morgon skreiv NTB at over 30 SAS-flygingar til og frå dei største flyplassane i Noreg er innstilt. Det er førebels uvisst når selskapet kan ta opp att alle flygingane.

Publisert 27.08.2024, kl. 07.05 Oppdatert 27.08.2024, kl. 07.29

Read Entire Article