Rekordhøge funn av miljøgifter i ung spekkhoggar

2 hours ago 4



Den tre år gamle spekkhoggaren Elida vart funnen død i Sognefjorden i 2021.

Ein ny rapport viser at ho var full av 40 år gamle miljøgifter.

Verdiane var meir enn ti gonger det som blir rekna som skadeleg, og er det høgste nivået av miljøgifter som er funne i norske spekkhoggarar sidan 2015.

Det var særleg svært høge nivå av miljøgiftene PCB og PBDE – som har vore forbodne sidan 1980- og 2000- talet.

Desse stoffa blir ikkje brotne ned i miljøet, og vi fin dei derfor mange åra seinare.

Spekkhoggaren Elida

Spekkhoggaren Elida mens ho framleis var i live.

Foto: Vegard B. Aasen

Ein av forskarane bak rapporten er Eve Jourdain.

Ho har følgt familien til Elida sidan 2016, og er ikkje overraska over funna.

Elida er ein ambassadør, ikkje berre for norske spekkhoggarar, men også norske marine miljø. Ho viser kor mykje forureining det er der ute.

Målet med rapporten er å kartlegge miljøgifter langs den norske kysten.

Fjord meir forureina enn hav

Årsaka til dei høge verdiane i Elida heng saman med kor ho budde.

Elida og familien hennar har nemleg år etter år komme tilbake til dei inste fjordane på Vestlandet.

Fjordane er meir utsette for forureining frå land enn det opne havet, då det er kortare avstand mellom menneska på land og dei maritime miljøa.

Sognefjorden

Noregs lengste fjord, Sognefjorden, er også heimen til spekkhoggarfamilien til Elida.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Alt som blir produsert av oss menneske på land, ender til slutt opp i havet, seier Jourdain.

I tillegg har spekkhoggaren vore meir utsett for miljøgifter sidan den har ete mykje sjøpattedyr, som nise. Dei har også høge konsentrasjonar av miljøgifter i seg.

Dødsårsaka til Elida er ukjent, men truleg har miljøgiftene spelt ei rolle.

Vi veit at nokre av kjemikaliane blei lauslatne i blodet til spekkhoggaren, men vi veit ikkje om det er dødeleg nok for eit dyr.

Samanliknar Elida med «plastkvalen»

Hugsar du då ein kval full av plast skylde på land utanfor Bergen i 2017?

Det skapte overskrifter i nasjonal og internasjonal presse, og sette fart på debatten om mikroplastforureining.

Plastkvalen

Plastkvalen som blei funnen i Bergen i 2017 hadde 30 plastposar i magen.

Foto: CHRISTOPH NOEVER

Professor i miljøtoksikologi ved Universitetet i Bergen, Anders Goksøyr, trekker parallellar mellom spekkhoggaren Elida og plastkvalen.

– Men i motsetnad til veldig synleg plastforureining som var i plastkvalen, er dette usynlege stoff. Dei vil halde fram med å sirkulere i verdikjeda så lenge vi ikkje gjer noko aktivt for å fjerne dei.

Miljøgiftene har ikkje berre konsekvensar for spekkhoggarane, som kan miste evna til å få barn, men kan også påverke oss.

– Dei er ikkje akutt farlege eller dødelege, men kan verke på immunforsvaret vårt, på forplantningsevna vår og kan vere kreftframkallande og hormonforstyrrande, seier Goksøyr.

– Ein indikator på korleis vi behandlar naturen

Spekkhoggarar blir rekna som verdas mest forureina dyr. Det er fordi dei er på toppen av næringskjeda i havet.

Konsentrasjonen av miljøgifter hopar seg nemleg opp jo høgare dyra er i næringskjeda.

Ifølge professor Audun Rikardsen ved Noregs arktiske universitet – UiT kan mykje miljøgifter føre til at spekkhoggarane ikkje klarar å reprodusere seg og at stoffa kan legge seg i hjernen.

I løpet av 50 til 100 år reknar med vi med at cirka halvparten av verdas spekkhoggarbestand har døydd ut på grunn av miljøgifter, forklarar han.

Spekkhogger i Tysfjord

Ein spekkhoggar i Tysfjord.

Foto: Frode Fimland / NRK

Rikardsen har jobba tett på spekkhoggarar i over ti år.

– Dette er ein indikator på at vi behandlar naturen og dyra rundt oss dårleg, og at vi spreier mykje miljøgifter ut i naturen utan å vite konsekvensane av det.

Publisert 30.10.2024, kl. 13.43

Read Entire Article