Fire menn i 20-åra må i november møte i tingretten, tiltalt for å ha felt tre over fleire vegar i Kinn kommune.
Til alt hell kom ingen alvorleg til skade.
– Påtalemakta meiner at det lett kunne ha oppstått alvorlege personskadar. Saka er svært alvorleg ut frå farepotensial av omsyn til liv og helse, seier politiadvokat Marthe Karlsen.
– Ein brutal episode
Totalt fire menn er tiltalte. Tre av desse vart pågripne etter at dei felte tre over riksveg 5 mellom Førde og Florø like før påske i år.
Ein fjerde tiltalt skal også ha vore med på ei tilsvarande hending ein annan stad i januar.
Hendinga ved Knapstad i mars i år kunne gått veldig gale.
Her er det 80-sone.
Veninnene Johanne Endestad, Sofie Vaardal og Rakel Hovland Øren var på veg heim frå fest då bilen dei sat i ikkje klarte å stoppe og køyrde rett i treet.
Like etter small ein ny bil på veg i motsett retning inn i treet.
– Det var skummelt og vi sprang for å sjå om dei var i live. Det var ein brutal episode, fortalde Hovland Øren til NRK etter hendinga.
Ein tredje bil køyrde av vegen for å unngå kollisjon. To av bilane var ikkje køyrbare etter hendinga. Fleire av dei 11 personane som sat i bilane måtte til legevakt.
Kvitta seg med klede
Ifølgje rettsdokument NRK har fått innsyn i, ville mennene stoppe og forstyrre trafikken.
Frå ei skråning like ved fekk gjerningspersonane med seg at den første bilen køyrde i treet dei felte over riksveg 5.
Ifølgje forklaringa til ein av dei involverte, høyrde dei både hyling og skriking då dei stakk av frå staden. Dei kvitta seg med klede og motorsag, og returnerte noko seinare til åstaden der også naudetatane var komne.
Heller ikkje då gjorde dei seg til kjenne før dei reiste frå staden.
Mennene vart arresterte få dagar seinare. Dei erkjende alt.
Bente Hermansen er forsvarar for ein av dei sikta.
– Han beklagar og er veldig lei for bidraget sitt til dei straffbare handlingane, seier ho.
Ein av forsvararane ynskjer ikkje å kommentere saka, medan ein ikkje har respondert på NRK sine førespurnader.
– 80-sone som leikearena
Mennene er fråtekne førarkorta sine. Mannen Hermansen representerer har vore fleire rundar i retten for å prøve å få førarkortet attende.
– Klienten min erkjende skuld og dei faktiske forhold frå første kontakt med politiet og ser fram til at saka blir ferdig, seier forsvarar for den eine tiltalte, Bente Hermansen
Domstolane er nådelause i si skildring av handlingane.
Naudetatane måtte bruke allereie avgrensa ressursar til å rykke ut, og entreprenørar måtte rydde vegen.
«Siktede brukte vegbanen med 80-sone som lekearena og påførte andre livsfare», skriv Gulating lagmannsrett.
Påtalemakta er samd i lagmannsretten si vurdering i orskurden, seier politiadvokat Karlsen.
Dødsulukke i Danmark
Saka i Kinn vekte stor merksemd i både nasjonale, men også dansk media.
Berre nokre dagar tidlegare omkom ein 55-åring i ei av fleire tilsvarande saker i Danmark. I desember må ni unge menn svare for ugjerningane. Seks av desse er tiltalt for aktlaust drap.
To menn er i tillegg tiltalte for å ikkje ha hjelpt den omkomne, då dei flykta frå staden.
Politiadvokat Karlsen seier politiet ikkje vurderer hendinga i Kinn som eit drapsforsøk.
– Det at ei handling kan medføre livsfare er ikkje i seg sjølv nok til å statuere drapsforsøk, seier ho.
Publisert 30.10.2024, kl. 14.59 Oppdatert 30.10.2024, kl. 15.13