Regjeringa foreslår å utvide grensa for sjølvbestemt abort

1 month ago 47



Etter nesten 50 år etter at den første abortlova blei vedteken, meiner regjeringa det er på tide å gjere endringar.

Lova har i stor grad vore uendra etter at sjølvbestemt abort blei vedteke i 1978, sa helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) då han la fram forslaga til endringar.

– Dagens abortlov har spelt ei viktig rolle for kvinner over heile landet i mange tiår, og målet mitt er at også den nye abortlova skal stå seg i lang tid framover, sa han.

Foreslår fleire endringar

NRK har tidlegare meldt at regjeringa ville utvide grensa for sjølvbestemt abort frå 12 til 18 veker. Dette stadfesta Vestre då han presenterte forslaget til endringar i lova på ein pressekonferanse fredag.

– Dette er i tråd med praksisen i dag. Det er nesten ingen som får avslag på søknadar om abort etter veke 12, sa han.

Regjeringa foreslår også at fostertalsreduksjon skal bli jamstilt med abort, og at gravide sjølve skal ha rett til å avgjere om dei vil redusere talet på foster fram til vede 18, innanfor grensa for det som er medisinsk forsvarleg.

I tillegg foreslår regjeringa blant anna også endringar i nemndene og at reservasjonsretten til helsepersonell skal bli vidareført og lovfesta.

Senterpartiet tek dissens

Regjeringspartia har vore einige om at det er behov for ei ny abortlov, men dei er ikkje heilt einige om kva dei nye endringane skal vere.

Statsrådane til Senterpartiet har difor teke dissens på to punkt i forslaget. Det eine er at dei ikkje støttar at retten til sjølvbestemt abort blir utvida frå 12 til 18 veker.

– Vi støttar heller ikkje forslaget om at retten til fostertalsreduksjon skal bli likestilt med retten til abort fordi fostertalsreduksjon er eit spesialisert medisinsk inngrep der svangerskapen held fram for eitt eller fleire foster, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.

Publisert 23.08.2024, kl. 12.34 Oppdatert 23.08.2024, kl. 12.54

Read Entire Article