Israel drap Hamas' øvste leiar: Kva no for Midtausten?

3 hours ago 4



Hamas sin øvste politiske leiar vart drepen av israelske styrkar ved eit tilfelle i det sørlege Gaza.

Sinwar, kjent som slaktaren frå Khan Younis er sagt å vere ein av arkitektane bak terroråtaket på Israel 7. oktober i fjor der over 1200 menneske blei drepne.

Israel svarte med å gå inn i Gaza i ein krig som har kosta over 42.000 menneske livet, dei fleste av dei sivile.

I denne saka kan du lese om:

Framtida til Hamas

Ein siger for Israel

Motstanden mot Israel kan bli styrkt

Framtida til Hamas

Spørsmålet er kven som skal overteke leiinga i Hamas no.

Ifølgje Nadim Khoury, fyrsteamanuensis ved Høgskolen i Innlandet, kan det vere at Hamas-leiarskapen i Qatar får meir makt.

Sinwar var i motsetning til sin forgjengar basert i Gaza og ikkje i eksil. Det gav Hamas leiarskap i både den politiske og militære fløya av Hamas, meiner Khoury.

Yahya Sinwar er leder for Hamas i Gaza.

Sinwar vert beskriven som ein av arkitektane bak terroråtaket 7. oktober.

Foto: AP

Dag Henrik Tuastad, fyrstelektor i Midtausten-studiar peikar på at uansett kven som vert leiar, vil det ikkje endre strukturen i Hamas, då rørsla har ein fastlagd politisk struktur.

Det kan endre maktforholdet mellom den politiske leiinga som er i eksil i Qatar og den militære fløya som er i Gaza.

Tuastad meiner at den neste leiaren vil vere nokon i eksil, og peikar på Khaled Mashaal, som leia den politiske fløya av Hamas mellom 1996-2017.

Han vert beskriven av Tuastad som ein kald analytikar og politisk leiar, ein som har vore open om å snakke om ei tostatsløysing.

Det er ikkje ein som blir rekna som militant sjølv om han ikkje er ei due.

Midtausten-forskaren viser til at Mashaal tidlegare har vore i samtale med norske styresmakter.

Khaled Mashal

Ifølgje Tuastad er ikkje Khaled Mashaal populær blant iranarane etter at han trekte Hamas sine styrkar ut av Syria under den syriske borgarkrigen.

Foto: KHALED FAZAA / AFP

Spørsmålet er til dels kva autoritet vedkommande vil ha over Hamas’ væpna styrkar i Gaza.

Når det gjeld framtida til Hamas, seier Tuastad at rørsla mest sannsynleg vil overleve.

Spørsmålet er om dei vil stå samla, eller om dei vil vere ei splitta gruppe, med ei væpna grein, og ei religiøs-politisk grein under Det muslimske brorskap.

Ein siger for Israel

For Israel og ein hardt pressa statsminister Benjamin Netanyahu er drapet på Sinwar ein siger.

– Israel har gjort opp rekninga med personen som utførte den verste massakren i historia sidan holocaust, sa statsminister Netanyahu.

Khoury meiner at Israel ikkje ønskjer å svekke Hamas, men å utslette det heilt.

Nadim Khoury

Nadim Khoury, fyrsteamanuensis ved Høgskolen i Innlandet.

Dei gjer det ved å drepe både politiske og militære leiarar, drepe titusenvis av sivile og gjere Gaza ubebueleg. Meldinga er klar: Hamas eller noko som liknar det vil aldri vere tillate å returnere til Gazastripa.

Ifølgje Tuastad var ikkje Sinwar ein som hadde respekt for sivile liv, korkje israelske eller palestinske.

Han trur difor at det er ei større sannsyn for politiske løysningar no som han er borte.

Demonstrerer for Sinwar

Ein ung palestinsk gut held opp eit portrett av den drepne Hamas-leiaren Yahya Sinwar under ein demonstrasjon i Ramallah på den okkuperte Vestbreidda mot drapet på Sinwar.

Foto: JOHN WESSELS / AFP

Det er historikar og Midtausten-forskar Marte Heian-Engdal samd i.

– Det kan tvinge Hamas på bakfot, og teoretisk sett kan det mjukne deira posisjon ved forhandlingsbordet, seier ho.

Motstanden mot Israel kan bli styrkt

Bileta og videoen av Sinwars siste minutt er delt av det israelske forsvaret (IDF), og har ført til full jubel i Israel.

Israelere ferier Yahya Sinwars død

Israelarar feirar i Jerusalem etter at det israelske militæret stadfesta at Hamas-leiaren vart drepen i Rafah.

Foto: JOHN WESSELS / AFP

Ifølgje Heian-Engdal var Sinwar veldig mektig og populær i Hamas, noko som kunne vore ein fordel for Israel då han lettare kunne ha forankra ein våpenkvileavtale i organisasjonen.

– Det stemmer heller ikkje at Sinwar var bremseklossen i forhandlingane. Benjamin Netanyahu er òg ei viktig årsak til at det ikkje har vore noka våpenkvile sidan november i fjor, seier ho.

Marthe Heian-Engdahl

Marte Heian-Engdal er fyrsteamanuensis ved Universitetet i Oslo og assisterande direktør ved Senter for internasjonal konfliktløysing (NOREF).

Foto: Alf Simensen / NRK

Tuastad meiner at det faktum at han døydde i kamp, og ikkje var gøymd under ein tunnel, kan føre til mytedanning rundt han.

– Sinwar kan ha handla ut frå ein idé om å bli ei slags legende, ein palestinsk Che Guevara, eit symbol på den væpna kampen, seier Tuastad.

Publisert 19.10.2024, kl. 08.56

Read Entire Article