Redningsskøyte ute av drift i fleire veker

1 week ago 24



Redningsskøyta «Sundt Flyer» i Svolvær er ikkje operativ, og vil vere ute av drift fram til starten av mai, skriv Lofotposten.

– Årsaka er personalmangel på grunn av sjukdom, fortel Gry Henriksen til avisa, som er medievakt i Redningsselskapet.

Støttefartøyet «Inger Johanne» på åtte meter vil vere operativt. Det kan løyse fleire oppdrag, berre ikkje dei tyngste slepa.

Henriksen fortel at Redningsselskapet følger fisket i området, og set beredskapen slik at det er forsvarleg.

Read Entire Article