Redesign: Slik får du mest moleg av ei bukse som er brukt om att

2 hours ago 3



Bonde, mamma og syerske.

Det er tinga Veslemøy Tveter Alm bruker mest tid på å vere.

I løa på Ingelsrud gard i Eidskog finn vi systova til Veslemøy Tveter Alm.

Den har sauebonden laga seg, for å jamne ut aktivitetsnivået gjennom heile året, fortel ho.

No syr ho for harde livet til forbrukarfesten Black Week.

Redesigner bukser

– Dette prosjektet viser godt at ein kan lage både julegåver og eigne gåver av ting ein allereie har, enten det er ein bukse, eit forkle eller kva som helst, seier Veslemøy Tveter Alm.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Fleire hundre feilproduserte arbeidsbukser frå Flor i Voss skal bli til ulike nytteprodukt.

– Det varmar mitt hjarte at ting ikkje blir skrota, men i staden får ein bruksverdi. Ein må berre vere litt kreativ.

Bestillinga var å bruke så mykje av buksa som mogleg.

Rekorden frå éin bukse er 14 nye produkt, seier ho.

Store mengder kastes kvart år

I januar skrev NRK om at 49.000 tonn tekstilar kastes i restavfallet kvart år.

Det betyr 9 kg per person. I tillegg kjem alt vi gir bort til veldedige organisasjonar.

Forskarar blei overraska da de så at plukkprøvene viste at 65 prosent av tekstilane folk kastet i søpla var av så god kvalitet at de kunne blitt brukt på nytt.

Tekstiler funnet i restavfallet

Tekstilar funnet i restavfallet.

Foto: Kristine Ramberg Aasen / NRK

Det Tveter Alm gjer, meiner ho alle kan gjere heime. Sjekk triksa hennar for inspirasjon!

Fleirbrukstaske

Ein må sjå på stoffet ein har, og bruke tidlegare erfaringar, seier ho.

– Det handlar om å utnytte dei elementa som fungerer.

Bukser med glidelås på enden, kombinert med ei snor frå ein gamal anorakk, resulterer i ein fleirbrukstaske.

Den kan brukast som til dømes eit handlenett, og med glidelåsen open får ein plass til tre eple i nettet.

Redesigner bukser

Foto: Knut Røsrud / NRK

Kjøkkenforkle

Både framsida og baksida av ein snikkarbukse blir til solide kjøkkenforkle.

– Eg ville behalde dei gode funksjonane i redesignet, som dei praktiske lommene. Eg beheldt òg knappane på sida, for dei fortel historia om kva plagget var før.

Redesigner bukser

Foto: Knut Røsrud / NRK

Kortholder

Farfar til Veslemøy Tveter Alm starta Norheim-fabrikken på Gjøvik, og far hennar tok seinare over.

– Då dei måtte leggje ned produksjonen på 90-talet, tok mamma vare på glidelåsane. Det er gøy. Det er berekraft!

Kredittlomme

Foto: Veslemøy Tveter Alm

Hagetaske

Leggen på buksa blir til ein hagetaske, eller toalettmappe.

– Den skal vere praktisk å ta med på tur, eller om du skal plante nokre i hagen.

Tveter Alm oppmodar til å vere leiken, og ikkje bry seg for mykje om kva som er rett søm etter regelboka.

– Ikkje ver så innmari nøye. Tenk utanfor boksen, prøv og feile. Målet er ikkje at produktet skal vere perfekt, men brukarvennleg.

Scrunchies

– Alle kvinner treng hårstrikk, seier syersken.

Mindre remsar av stoff som blir til overs, kan fort bli scrunchies, som denne typen hårstrikk òg blir kalla.

Oransje hårstrikk

Foto: Veslemøy Tveter Alm

Jatakk, meir gjenbruk

Veslemøy Tveter Alm seier ho liker trenden med gjenbruk.

– Ting som har ein leveverdi, det kan redesignast og brukast på nytt. Det er akkurat slik eg likar det.

Ho seier ho sjølv har vorte meir og meir oppteken av det å forvalte og ikkje berre forbruke.

Samstundes er det viktig å planleggje, og ikkje berre lage ting ein ikkje har bruk for.

– Det er klart at det å kunne redesigna ting som kan brukast over fleire periodar på ulike måtar, er veldig viktig.

Publisert 27.11.2024, kl. 11.51

Read Entire Article