Thon døydde på Ullevål sjukehus laurdag 16. november. Han blei 101 år gammal. Han sette sitt preg blant anna innan reiseliv, varehandel og eigedom.
Han var i mange år ein av dei rikaste personane i Noreg.
Onsdag blir han bisett frå Oslo Domkirke. Etter ønske frå enka Sissel Berdal Thon blir det ei open bisetting.
Ho ønsker at flest mogeleg skal få vere med å heidre ektemannen.
– Skal feire eit fantastisk liv
Av dei om lag 800 plassane i kyrkja, er rundt halvparten reservert til spesielt inviterte gjestar, som slepp inn først.
Etter det kan andre som ønsker å vere til stades, få kome inn.
Blant dei som er til stades er administrerande direktør Ole Robert Reitan i Reitan Retail. Han seier Olav Thon gjorde stort inntrykk.
– Han er sjølve beviset på at hardt arbeid lønner seg, og symbolet på å halde beina på bakken. Og du ser på køen her at det er mange som skuldar Olav mykje, som ønsker å vere med å feire eit fantastisk liv.
Også tidlegare ordførar i Bergen, Trude Drevland, var imponert over det Thon gjorde og var.
– Eg er imponert over alt han har klart og har fått til. Og det at han likevel er så nær alle menneske han har møtt, er eit eventyr. Det er ikkje mange som kan samanlikne seg med det han har gjort, som var som han, seier ho til NRK før bisettinga.
Publisert 27.11.2024, kl. 13.33 Oppdatert 27.11.2024, kl. 14.00