Ei parkering på 20 minutt førte til eit fakturabeløp som Robert Nyhus kallar for «grådigheit». Han reagerer på praksisen, og får støtte frå Forbrukarrådet.

Publisert 10.03.2025 21:48
I slutten av februar handla Robert Nyhus på ein Rema 1000-butikk i Alta.
Utanfor butikken må ein betale for å nytte parkeringsplassen.
– Der har dei ikkje noko manuelt parkometer, men skiltgjenkjenning, så alt skal gå automatisk. Då tenkte eg ikkje meir over det enn at eg ville få ein liten faktura i posten, seier Nyhus til TV 2.
Nesten alt var gebyr
Men då Nyhus såg summen som Onepark ville ha for dei 20 minutta han hadde parkert, reagerte han.
Fakturaen var på 68 kroner, og dermed ikkje så stor isolert sett. Men det var lite av beløpet som gjaldt sjølve parkeringa.
– Eg fekk ein faktura i posten på 9 kroner for parkeringa og 59 kroner påslag. Det syntest eg var mykje i forhold til parkeringstida, seier Nyhus.
TV 2 har sett fakturaen, som viser kor lenge Nyhus sto parkert, og korleis summen er fordelt.

Ti av dei 59 kronene er definert som eit fakturagebyr, medan 49 kroner er bokført under punktet «Pay Later».
– Det er grådigheit. Eg har lese i nyheitene om andre parkeringsfirma som har tatt desse påslaga og kalla dei for diverse namn, legg han til.
Dette er «Pay Later»
- Betale på automat.
- Betale via EasyPark app.
- Betale via registert bruker i Autopay.
- Betale via Autopay app.
- Betale innen 48 timer etter utkjøring.
- Betale via faktura. Fakturagebyr / Pay Later tilkommer.
«Etter utkjøring har kunden mulighet å betale for parkeringen gebyrfritt innen 48 timer. Det er forøvrig seks ulike måter å betale for parkeringen. Det kan gjøres på følgende måter:
Når kunden har valgt å ikke benytte noen av de ovennevnte løsninger så sender vi kunden en faktura inkludert produktet Pay Later som har en pris på kr. 49,- inkl. mva. Informasjon rundt produktet Pay Later finner man på området hvor kunden har parkert.»
Kjelde: Leif Nymoen, administrerande direktør, Onepark
Stussa over svaret
Nyhus tok kontakt med Riverty som tar imot førespurnadar om fakturaar frå Onepark, for å klage på fakturaen.
Før jul gjekk Forbrukarrådet til gruppesøksmål mot Riverty for det dei hevdar er ulovlege fakturagebyr.
Forbrukartilsynet har også truga parkeringsselskapa Onepark, Apcoa AS og Aimo Park Norway med store bøter. Grunnen er at tilsynet meiner selskapa krev for mykje pengar for å sende ut fakturaar, skreiv NRK i desember.
Dersom Riverty tapar søksmålet, kan dei bli nøydde til å betale tilbake gebyr ei har kravd inn.

Då Nyhus tok kontakt, svarte selskapet sin kundeservice at dei ikkje såg det som «hensiktsmessig» å forfølge innbetalingskravet.
– Vi vil stanse vidare inndriving av Pay Later inntil det ligg føre ei avklaring på dette, svarte selskapet.
Nyhus stussar over svaret.
– Det burde dei ha gjort allereie før dei sende faktura. Ikkje at eg skal betale, og klage, og så få svar at eg ikkje behøver å betale no. Dei spekulerer i om kunden vil klage på fakturaen eller ikkje, meiner Nyhus.
Han får støtte av Forbrukarrådet.
– Slike saker har Forbrukarrådet vore kjent med lenge. Lova er klar. Gebyret skal ikkje vere høgare enn dei faktiske kostnadane verksemdene har med å skrive ut og sende ut fakturaen. Normalt ikkje meir enn ti kroner for postsende fakturaar. Det er heilt uavhengig av kva selskapa kallar gebyra, seier Guro Sollien Eriksrud, som er fagsjef forbrukarøkonomi i Forbrukarrådet.

Ho synest det er bra at Riverty opplyste at Nyhus ikkje måtte betale gebyret medan ein ventar på dommen i tvisten mellom Forbrukarrådet og Riverty.
– Samtidig forventar vi at alle blir behandla slik dei skal etter lova, også dei som ikkje klagar på kravet, seier Eriksrud.
– Ikkje avklart
TV 2 har vore i kontakt med Riverty, som driv inn betalingskrav på vegner av parkeringsselskapa. Dei seier at det er selskapa som bestemmer innrettinga på gebyra.
– Så forstår vi veldig godt at forbrukarar ikkje vil betale ulovleg høge gebyr, men det juridiske spørsmålet er ikkje avklart. Vi meiner at dette først og fremst er ein sak mellom forbrukarstyrsmaktene på den eine sida og parkeringsselskapa på den andre.
Det seier administrerande direktør Kjell-Rune Birkelund i Riverty Norge AS til TV 2.
Birkelund seier at Riverty har tillit til at parkeringsselskapa held seg innanfor lova.

– Men dersom det viser seg at Riverty har kravd inn ulovlege gebyr er dette veldig leit både for forbrukarane og oss som finansieringsselskap, seier Birkelund.
Leif Nymoen, som er administrerande direktør i Onepark, seier at eit fakturagebyr dekker dei faktiske kostnadane med å sende ut ein faktura.
– Pay Later er eit produkt, seier Nymoen til TV 2.
Kvifor Nyhus fekk beskjed om at han ikkje måtte betale Pay Later-gebyret etter at han tok kontakt med Riverty om saka, seier Nymoen at han må ta opp med Riverty.
Når det gjeld dei varsla bøtene frå Forbrukartilsynet, seier Nymoen at saka er under behandling.
– Pay Later er ikkje eit gebyr, men eit produkt. Forbrukartilsynet har gitt oss eit førehandsvarsel, men har ikkje kome med endeleg vedtak. Vi har ein god og ryddig dialog med Forbrukartilsynet i forbindelse med saka og ein eventuell vidare prosess i Marknadsrådet, seier Nymoen.