Rasar mot ukritisk bruk av skjerm i skulen – vil innføra eige teknologifag

1 week ago 11



Skjermbrukutvalet:

Skjermbrukutvalet tilrår redusert skjermbruk i skulen. No vil digitaliseringsministeren innføra eit nytt teknologifag.

 Martin Leigland / TV2
TEKNOLOGI: Digitaliseringsminister Karianne Tung vil at norske elevar skal få eit teknologisk forsprang på arbeidsmarknaden. Foto: Martin Leigland / TV2

Publisert 11.11.2024 16:46

I dag la skjermbrukutvalet fram ein rapport om skjermbruk. Mellom anna vart det konkludert med at skjermbruk kan påverka unge og barn sin konsentrasjon og læringsevne. 

Du kan lesa heile rapporten her.

Digitaliseringsminister Karianne Tung (Ap), meiner rapporten er dårleg nytt for den norske skulen. 

– Det er alvorleg, og viser at norsk skule prioriterer kvantitet over kvalitet.

Ho meiner at ein no bør oppretta eit nytt fag i skulen; nemleg eit teknologifag. 

– Det er på høg tid at ein opprettar eit eige teknologifag, som kan auke den digitale kompetansen til norske elevar, seier Tung.

 Eit gode eller ein onde i skulen? Foto: Tommy Storhaug / TV 2
SKJERM: Eit gode eller ein onde i skulen? Foto: Tommy Storhaug / TV 2

Ukritisk bruk av skjerm

Ho viser til at Noreg er i toppen på skjermbruk i skulen i OECD, berre slått av Danmark. Der snittet ligg på to timar, kan norske elevar fort bruke ein time til med digitale hjelpemiddel. 

Trass i dette, meiner ikkje Tung at utbyte har vore godt nok. Ho meiner det har svekka læringa, og ikkje i stor nok grad bidrege til digital kompetanse. 

– Skal ein forby skjerm i skulen?

– Nei, det kan brukast når det er forsvarleg. Til no har det blitt brukt ukritisk, seier Tung.

Forstyrrande faktor  

Ho understrekar at i for mange tilfelle har digitale hjelpemiddel blitt meir ein forstyrrande faktor i klasserommet, framfor å vera eit læringsverktøy. 

Kva som skjer vidare med faget, kva trinn det skal gjelda for, og korleis det skal sjå ut i praksis, er førebels uklart, og ligg uansett på kunnskapsministeren sitt bord. 

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) er heller ingen forkjempar for auka skjermbruk i skulen, og har mellom anna skulda på skjerm for at norske elevar blir dårlegare i matte, naturfag og lesing. 

Nessa Nordtun meinte då at skjermen er lite motiverande for elevar i klasserommet. 

 Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) meiner auka skjermbruk har hatt negative konsekvensar for læringsevna i skulen. Kjem ho til å innføra eit teknologifag? Foto: Ingrid Wollberg
SKEPTISK: Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) meiner auka skjermbruk har hatt negative konsekvensar for læringsevna i skulen. Kjem ho til å innføra eit teknologifag? Foto: Ingrid Wollberg
Read Entire Article