Meir enn tusen musikarar står bak plata «Is this what we want».
Albumet er ein protest mot ei lovendring frå den britiske regjeringa.
Dei vil nemleg gi KI-selskap høve til å trene KI på materiale som finst på nett, sjølv om det er verna av opphavsretten, skriv BBC.
Det er ikkje mangel på kjente namn som vil protestere mot denne lovendringa. Komponist Hans Zimmer, Yusuf (tidlegare Cat Stevens), Ben Howard og Holly Lapsley Fletcher (Låpsley) er alle stumme deltakarar på albumet.
Ser du på låtoversikta blir titlane på spora til saman setninga:
«Den britiske regjeringa kan ikkje legalisere musikktjuveri til fordel for KI-selskap» (omsette til norsk).
Kan reservere seg
Den britiske songaren og låtskrivaren Naomi Kimpenu, som også er stille på plata, legg ingenting imellom:
– Vi kan ikkje bli forlatne av regjeringa og få verka våre stole for teknologigigantars profitt, seier ho til BBC.
Lovendringa gir likevel artistane eit høve til å reservere seg frå KI-bruk.
Hans Zimmer har komponert musikken til ei rekke kjente filmar, som Løvenes konge og Gladiator. Musikken hans høyrer du ikkje i det nye albumet.
Foto: NTB ScanpixMen kritikarar meiner det vil vere vanskeleg for ein musikar å gi beskjed til alle KI-selskap om at deira materiale ikkje kan brukast. Dei meiner også at det vil vere umogleg å følge med på at dette blir følgt opp, ifølge BBC.
Mannen bak initiativet Ed Newton-Rex kallar forslaget for «katastrofe for musikarar».
– Forslaget frå regjeringa vil overlate livsverket til musikarane i landet til AI-selskap, gratis, og la desse selskapa utnytte arbeidet til musikarane for å utkonkurrere dei, seier han til The Guardian.
– Same korleis regjeringa prøver å rettferdiggjere dette, samlar musikarar seg i fordømminga av denne lite gjennomtenkte planen.
Tysdag blei ei høyring knytt til endringa avslutta, ifølge BBC.
Ikkje avgjort
Ein talsperson for regjeringa seier i ei fråsegn at det i dag er behov for endring.
– Det nåverande regimet for opphavsrett og kunstig intelligens hindrar dei kreative industriane, medium og KI-sektoren frå å realisere det fulle potensialet sitt, og det kan ikkje fortsette.
Departementet er klar på at dei ikkje vil gjere nokon endringar før dei er sikre på at dei har ein plan som leverer på alle felt.
– Derfor har vi hatt høyringsrundar om ei ny tilnærming som vernar interessene til både AI-utviklarar og rettshavarar, og leverer ei løysing som gjer at begge kan blomstre.
Dei understrekar likevel at inga avgjerd er tatt enno.
Publisert 25.02.2025, kl. 22.29 Oppdatert 25.02.2025, kl. 22.30