Frå før er politimannen frå Nordland dømd for valdtekt. No er han dømd for misbruk av stillinga si.
Det kjem fram i ein fersk dom frå Helgeland tingrett.
Saka mot den valdtektsdømde politimannen i 40-åra har eit langt bakteppe i både politiet og rettsvesenet.
Han vart sikta heilt tilbake i 2019.
I 2022 møtte han i retten tiltalt for to valdtekter, fem tilfelle av misbruk av stilling sin til å skaffe sex og eit grovt brot på tenesteplikta.
TV 2 dekka saka i tingretten i Mo i Rana. Politimannen vart frifunnen for store deler av tiltalen som var tatt ut mot han.
Kvinne om politimann: – Jeg var fanget
I september i fjor bestemte Høgsterett at mannen mellom anna skulle dømmast for eitt tilfelle av grovt aktlaus valdtekt av ei kvinne.
Samstundes sende Høgsterett to tiltalepunkt tilbake til ny behandling i tingretten.
Utnytta stillinga til sex
Helgeland tingrett heldt nye forhandlingar i oktober.
Då behandla dei altså to tiltalepunkt om at politimannen har skaffa seg seksuell omgang ved å ha misbrukt stillinga si.
– Eg er framleis av den faste oppfatninga at eg ikkje har gjort noko straffbart. Det eg veit er at det var to kvinnfolk som hadde lyst på meg. Og eg var med på det, sa den tiltalte til retten ifølge Rana Blad som følgde rettssaka.
Den eine fornærma kvinna politimelde eit biltjuveri i 2017. Den andre fornærma kvinna gav han informasjon i etterforskinga av ei lokal sak.
Begge kvinnene var i eit avhengigheitsforhold til politimannen, som han utnytta til å ha minst tre samleier med kvar av dei, meiner retten.
Ein samrøystes tingrett har difor dømd han til fengsel i tre år og to månadar.
Likar sex «utanom det vanlege»
Dommen er ein fellesstraff for dei forholda, mellom anna valdtekta, som han vart funnen skuldig for i Høgsterett i fjor.
Det betyr at straffa no kan bli forlenga om dommen blir rettskraftig. Politimannen sonar allereie i fengsel.
Tingretten legg til grunn at nokre tilfelle av den seksuelle omgangen med dei to fornærma kvinnene, var «røff».
– Tiltalte forklarte også for retten, slik han blir forstått, at han likar at sex skal vera noko ekstra og ut over det vanlege, skriv retten og viser til saka der han vart dømd for valdtekt.
Dei meiner begge sakene er godt opplyst. I den eine saka kan dei støtte seg til ein del tekstmeldingar mellom politimannen og informanten, som hadde seksuelt innhald.
– Fornærma var i ein sårbar og vanskeleg livssituasjon. Den låg føre eit betydeleg overmaktsforhold og tiltalte misbrukte dette bevisst for å oppnå ein seksuell relasjon, konkluderer dommarane.
Vurderer anke
Forsvarar Heidi Reisvang påpeikar at dommarane har lagt til grunn eit langt mindre omfang av seksuell omgang mellom mannen og kvinnene enn det dei sjølve har forklart seg om.
Tiltalte er difor høyrd med sin forklaring om omfanget, meiner Reisvang.
– Vi merkar oss også at straffa ligg eit halvt år under påstanden til påtalemakta. Elles har tingretten har kome fram til noko som ikkje er i tråd med slik tiltalte ser på saka.
Mannen har heile vegen nekta straffskuld og altså sagt at den seksuelle omgangen med kvinnene var frivilleg.
– Vi vil difor gå gjennom dommen grundig for å vurdere om den skal ankast, seier Reisvang til TV 2.