Politiet koplar dødsfall i Sunnfjord til farleg narkotisk stoff

3 weeks ago 15



Politiet åtvarar om at det er svært farlege narkotiske stoff i omløp i Sunnfjord.

Spesielt blir eit nytt og til no lite kjent syntetisk opiat, som heiter Metonitazen, peikt på som svært farleg.

Politiet opplyser at stoffet er kopla til eit dødsfall i Sunnfjord.

– Det er påvist i forbindelse med at ein ungdom døydde i Sunnfjord for eit par månadar sidan, seier politiinspektør Wenke Hope til NRK.

Vedkommande var over 18 år.

I fjor haust døydde ein 25-år gamal gut i Halden etter å ha tatt stoffet på ein fest.

Svært potent

Det er lite dokumentasjon knytt til konsentrasjonen av stoffet, men det blir rekna som svært sterkt, opplyser politiet i ei pressemelding onsdag.

Det følgjer også ein stor fare for overdose med inntak av dette stoffet.

– Det er fare for livstrugande forgifting, pustestopp, overdose og død ved bruk, seier stasjonssjef Wenke Hope.

Wenke Hope, florø politi

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

– Det er veldig små konsentrasjonar som skal til før det får livstrugande følger. Det er fort gjort å få ei overdose med dette stoffet.

Politiet veit ikkje kor mykje Metonitazen som er i omløp, eller kor utbredt det er. Dei har ikkje gjort noko beslag av stoffet i Sunnfjord.

– Vi veit at det er fleire politidistrikt som har hatt overdosedødsfall knytt til dette stoffet, men vi har ikkje konkrete samarbeid med dei om det, seier Hope.

Overdose: Hva kan du gjøre?

  • Ring ambulanse: 113.
  • Start hjerte- og lungeredning:
    30 brystkompresjoner og 2 innblåsninger.
  • Gi nalokson nesespray (motgift) dersom du har det. For sterke opioider kan flere flasker være nødvendig.
  • Hold på med hjerte- og lungeredning til ambulansen kommer, eller personen puster normalt.

Kilde: Helsenorge.no

Dette er symptomene

Pulsen går ned og pusten svekkes, noen ganger kan det føre til hjertestans eller pustestans.

Blå negler og blå lepper skyldes utilstrekkelig tilgang på oksygen i blodet.

Andre symptomer kan være kvalme, brekninger, magesmerter, kramper og muskelsammentrekninger.

Kilde: Helsenorge.no

Slik kan du forebygge

  • Ikke injiser alene.
  • Røyk er tryggere enn sprøyte.
  • Oppdeling av dosen gir redusert risiko for overdose.
  • Å blande ulike stoffer gir økt risiko for overdose.
  • Etter en overdose øker risikoen for en ny.
  • Ved tre til åtte dager uten stoff er toleransen på samme nivå som første gang en tok opioid.

Kilde: Helsenorge.no

Oppdaga fleire stader

I februar i år blei det gjort beslag av det same stoffet i ein kommune i Vesterålen i Nordland.

Der gjekk og politiet ut med ei åtvaring og sa at dei trur personar som bruker dette stoffet, ikkje veit kva dei tek, ifølge Vesterålens Avis.

Også i Steinkjer har det blitt registrert fleire overdosar med Metonitazen.

– Vi ber folk om å vere obs. Det nye stoffet som er på marknaden er 100 gonger sterkare enn morfin, sa politiadvokat Ole Tuset til NRK i forbindelse med fleire rusrelaterte førespurnader på legevakta i Steinkjer i desember.

I følge Kripos sin dop- og narkotikastatistikk var det fire beslag av nitazener i Noreg i 2022 og 14 beslag i 2023. Beslaga frå i fjor var gjort i Oslo, Øst, Sør-Vest og Troms politidistrikt, og omfattar tre ulike narkotiske stoff: metonitazen, protonitazen og metonitazepyn.

– Beslaga har vore tablettar av ulike typar, væske på augedråpe- og nasesprayflasker, pulver og kapslar, skriv Kripos.

Vest politidistrikt er kjende med

Publisert 10.04.2024, kl. 11.22 Oppdatert 10.04.2024, kl. 12.25

Read Entire Article