Politiet heldt tilbake kommunikasjon med prinsessa rundt bryllaupet i Geiranger

1 month ago 23



Managementet til prinsessa Märtha Louise og Durek Verrett har i sommar sendt fleire krasse e-postar til politiet i Møre og Romsdal om bryllaupet i Geiranger.

I går blei det kjent at dei skulda politiet for å ha lagt til rette for at pressa får filme frå lufta.

No viser det seg at e-postane gjekk som ping-pong-ballar mellom managementet og politiet i fleire veker før krangelen blei lagt død. Først denne veka bestemte politiet seg for å offentleggjere dei i postjournalen, slik dei pliktar.

Det betyr at politiet har halde ei rekkje dokument om bryllaupet hemmelege i lang tid.

– Det er djupt beklageleg å sjå at politiet ikkje har større respekt for offentlegheitsprinsippet enn dette tyder på, seier generalsekretær Reidun Kjelling Nybø i Norsk Redaktørforening.

Reidun Kjelling Nybø, generalsekretær i Norsk redaktørforening

Reidun Kjelling Nybø i Norsk Redaktørforening er ikkje glad for at politiet heldt tilbake fleire e-postar om bryllaupet.

Foto: Lise Åserud / NTB

Ho seier det er svært viktig for journalistar at også politiet følgjer lova, og journalfører alle brev og e-postar fortløpande.

Fleire dokument forsvann

E-postane om den omstridde dronefilminga over Geiranger er ikkje dei einaste dokumenta som aldri dukka opp i postjournalen til politiet – før no:

  • fleire e-postar daterte i april i etterkant av eit møte mellom politiet, verdsarvsenteret og bryllaupshotellet dukka opp i postjournalen denne veka
  • det same gjeld e-postar frå slutten av mai frå politiet til prinsessa sitt management med dialog rundt ei pressemelding som skulle sendast ut
  • også e-postar frå ordføraren i Stranda til politiet 23. mai blei først synlege denne veka

Märtha Louise og Durek verrett i Køvenhavn

Her er brudeparet som skal gifte seg i Geiranger om ei veke.

Foto: Lise Åserud / NTB Scanpix

– Har ikkje forsøkt å halde noko hemmeleg

I heile sommar har politiet sendt ut postjournalar, men utan å legge ved e-postane om bryllaupet. Avdelingsdirektør Iselin Nevstad Øvrelid i Møre og Romsdal politidistrikt skuldar mellom anna på høgt arbeidspress.

– Politiet har ikkje forsøkt å halde noko hemmeleg. Vi er avhengig av å snakke med andre i organisasjonen for å vareta beredskapsomsyn, teieplikt og tryggleik. Det handlar ikkje om at vi ikkje vil gje det ut, men vi må vere trygge på at det vi gir ut er rett, seier ho.

– Men de treng vel ikkje to månader på det?

– Vi måtte bruke den tida det tok for at vi skulle vere sikker på at dei omsyn blei varetatt. Men vi burde absolutt ha journalført det før, seier ho.

Politiet fekk nyleg kritikk frå managementet til brudeparet for å ha røpt at vigselen skulle skje utandørs like ved hotellet.

Iselin Nevstad Øvrelid

Avdelingsdirektør Iselin Nevstad Øvrelid i politiet vedgår at dei burde journalført e-postane om bryllaupet tidlegare.

Foto: Politiet

– Klart lovbrot

Jurist Kristine Foss i Presseforbundet slår fast at politiet si handtering av e-postane om bryllaupet bryt lova.

– Politiet bryt lova fordi dei held tilbake e-postane i så lang tid. Det bryt med heile formålet med lovverket, slår Foss fast.

– Men politiet peikar på høgt arbeidspress og behov for å avklare spørsmål rundt mellom anna teieplikt og tryggleik. Er ikkje det eit poeng?

– Slike forhold kan gjere at det kan ta nokre dagar ekstra, men det skal ikkje ta fleire månader, seier ho.

Ho strekar under at heile poenget med journalføring er at folk skal kunne følgje fortløpande med på kva offentlege verksemder gjer.

Kvinne med svart bluse og mørkt hår ser i kamera

Jurist Kristine Foss i Presseforbundet meiner politiet bryt lova når dei ikkje fører fortløpande postlister.

Foto: Nors Presseforbund

Vil forsøkje å endre praksis

Avdelingsdirektør Iselin Nevstad Øvrelid avviser bestemt at politiet har fått instruksar frå managementet til Märtha Louise om å trikse med postjournalen. Så langt ho veit skal alle relevante dokument no ha kome på bordet.

Vi burde ha journalført dette før, og det må vi berre ta med oss vidare. Vi skal tilstrebe at det blir gjort slik Offentleglova og arkivforskrifta seier.

Generalsekretær Reidun Kjelling Nybø i Presseforbundet meiner det berre skulle mangle.

– Dei burde sjølvsagt ført journalar i postjournalen fortløpande, det er jo det dei er forplikta til etter lovverket.

Publisert 23.08.2024, kl. 19.23

Read Entire Article