Medan forsvaret rustar opp som aldri før, er politiet igjen på sparebluss. Politimeisteren i Vest meiner dei ikkje blir sett nok i stand til å handtere auken i tryggingstruande hendingar.

Publisert 12.03.2025 08:41
– Så lenge Noreg ikkje er i krig, er det politiet sitt ansvar å handtere det vi kallar samansette truslar og element av hybrid krigføring. Den forståinga opplever eg som mangelfull.
Politimeisteren i Vest er klar i talen. Han meiner politiet ikkje blir sett tilstrekkeleg i stand til å handtere sin del av beredskapen.

– Omfanget av moglege tryggingstruande hendingar har auka såpass mykje dei siste åra, at vi ikkje får gjort alt vi burde gjere. Dette er no eit problem, seier Kåre Songstad.
Fleire tryggingstruande hendingar
Den tryggingspolitiske situasjonen har aldri stått høgare på politimeisteren sin agenda enn det den gjer i år.
Sidan Russland gjekk til angrepskrig mot Ukraina i 2022, har politiet i Vest registrert 1100 moglege tryggingstruande hendingar.

– Det er dronehendingar, hendingar knytt til kraft, unormale seglingsmønster frå utanlandske fartøy og konkrete observasjonar av det som i gamle dagar blei kalla regulær spionasje, seier Songstad.
Han meiner politiet si rolle i å handtere desse hendingane ikkje blir anerkjent, og det kjem til syne i den politiske satsinga.
– Vi heier på styrkinga av forsvaret. Alle er einige i at det er nødvendig. Men vi opplever at politiet sitt ansvar fram til det faktisk blir krig, ikkje blir forstått. Den praten må vi ta, for her er det ein ubalanse, seier politimeisteren.
Fare for nedbemanning
TV 2 har vore i kontakt med fleire politidistrikt som seier dei no ser fleire hendingar som potensielt kan vere ein fare for tryggleiken i Noreg.
I Nordland politidistrikt, har politiet registrert 650 tryggingstruande hendingar sidan 2022.
I Troms registrerte dei 260 slike hendingar berre i 2024. 150 av dei hadde med dronar å gjere.

– Dette er heilt klart med å prege bilete her i nord, og vi ventar at vi vil sjå meir av dette framover, seier Ståle Luther, fungerande einingsleiar i Troms politidistrikt.
Samstundes peiker fleire på at politiet står i ein krevjande ressurssituasjon.
– Når vi må prioritere opp hybride og samansette truslar, blir det mindre kapasitet igjen til andre område, seier Luther.
I Vest meiner politimeisteren at kapasiteten ikkje står i stil til utfordringane politiet no står overfor.
– Politiet måtte nedbemanne i fjor og står i fare for å måtte nedbemanne i år slik situasjonen er no, seier Songstad.
– Vi meiner at det ikkje heng saman med trusselbilete vi står overfor.
Kritisk infrastruktur
I februar la PST fram si trusselvurdering for 2025, der dei mellom anna peika på at sannsynet for russisk sabotasje har auka.
– Samla sett er truslane frå statlege aktørar mot Noreg meir uføreseielege, meir omfattande og meir krevjande enn på mange tiår, står det i vurderinga.

Og det er ingen tvil om at kysten er utsett. Kraftanlegg, olje- og gassnæringa og rørledningar på botnen av Nordsjøen, er berre nokre av potensielle sabotasjemål i Noreg.
På Sjøgrensekontoret til politiet overvaka grensepolitiet kysten for å avdekke og fange opp mistenkelege hendingar.
Her ser dei fleire hendingar no enn før.

– Det er ingen tvil om at det som skjer i Europa elles, påverkar oss. Det ser vi på trafikken, særleg med tanke på russiske sjømenn, men og ein del avvik knytt til infrastrukturen vi har her i vest, seier Kjersti Eidsnes, seksjonsleiar ved grenseseksjonen i Vest politidistrikt.
Deler uroa
På Haakonsvern i Bergen skal dei no ruste opp. 2000 nye tilsette skal bemanne ein rekke nye fartøy.
– Noreg har tatt mykje terreng dei siste åra, og er mykje betre rusta og førebudd enn nokon gong. Men vi kan sannsynlegvis aldri bli godt nok førebudd, seier Oliver Berdal, sjef for Sjøforsvaret.

Han seier dei har eit tett og godt samarbeid med politiet, og at han tar bekymringa til politimeisteren på alvor.
– Han er fagpersonen og veit kor skoen trykker. Eg lyttar til det han seier, og deler uroa. Det er utruleg viktig at politiet er i stand til å vareta si rolle på ein god måte, seier Berland.
Skal sjå på politiets portefølje
TV 2 har sendt fleire spørsmål til Justis- og beredskapsdepartementet om denne saka.
Statssekretær Joakim Øren (Ap) skriv i ein e-post til TV 2 at alle i Noreg skal føle seg trygge, og at regjeringa har prioritert politiet og styrka budsjetta til politiet og PST med ca. 6 milliardar kroner til saman, samanlikna med Høgreregjeringa.
– Det vil bidra til at politiet er i stad til å sikre kvardagen til folk i heile landet.

Vidare skriv han at regjeringa har varsla at dei skal sette i gong eit arbeid for å sjå nærmare på kva portefølje politiet skal ivareta i den øvre delen av krisespekteret, kva som eventuelt kan eller bør ligge hos andre aktørar og kva som må falle bort.
– Departementet er i gang med å følge opp dette arbeidet, skriv Øren.
Mindre oversikt
17. mars går politimeister Kaare Songstad over til ei ny rolle i politidirektoratet.
Han meiner likevel det er viktig å løfte problemstillinga no, i håp om at noko skal skje med politiet sin kapasitet.
– Politiet manglar ressursar til å gjere denne delen av oppdraget. Det gjer at vi får mindre oversikt over kva som skjer, og mindre moglegheit til å gripe inn. Det trur eg alle skjønnar at vil vere uheldig, seier han.