Peter Opsvik, Tripp trapp-stolens far, er død

1 month ago 39



Det melder Dagbladet Børsen.

Opsvik gjekk bort måndag, 85 år gamal, opplyser familien til Børsen.

Han blei født i Stranda kommune på Sunnmøre i 1939. Opsvik er ein norsk industridesignar og møbeldesignar.

Den ikoniske Tripp trapp-stolen blei lansert for Stokke i 1972 og er Noregs suverent mest selde stol.

Les meir om historia til stolen her:

Viktigaste møbeldesignaren gjennom tidene

Faren til Opsvik, Nils Opsvik, starta ein møbelfabrikk på Sunnmøre. Etter kvart følgde sonen etter.

Det har fått stor betydning for møbelbransjen.

– Peter Opsvik er den mest kjende og profilerte norske møbeldesignaren gjennom tidene, seier Eldar Høidal ved Møbelmuseet i Sykkylven.

Peter Opsvik er også kjent for å ha designa kontorstolen Capisco og for sitt fokus på ergonomi i produkta sine, som for eksempel i Balans-stolane.

– Det var han som innførte omgrepet ergonomisk design. At eit møbel skal vere godt å sitte på. Godt for ryggen og godt for kroppen. Så han har verkeleg tenkt nytt når det gjeld det å sitte, seier Høidal.

Peter Opsvik på Maxi Tripp Trapp

Peter Opsvik har mellom anna designa Tripp Trapp-stolen.

Foto: Stokke/Peter Opsvik AS

Publisert 02.10.2024, kl. 18.33 Oppdatert 02.10.2024, kl. 18.59

Read Entire Article