– Pappa er eit monster

3 hours ago 6



Nektar for overgrep mot søsken:

Storebror har omtalt sin forvaringsdømte far som «statsminister» og at alle i familien gjorde som han sa.

 Robert Reinlund / TV 2
MASSIV SAK: Totalt fire vaksne er tiltalt for valdtekter av i alt tre barn i ein kommune i Vestland fylke. Ankesaken skal pågå i heile haust i Gulating lagmannsrett. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Publisert 22.10.2024 22:06

Han har tidlegare sagt at det ville vore ein «enklare utveg» å vera eit offer i den massive overgrepssaka frå eit nabolag i Ullensvang kommune.

Dei to småsøskena hans har fortald at storebroren deira vart pressa til å delta i dei påståtte valdtektene frå mor og far gjennom så å seie heile oppveksten.

– Eg er ikkje lojal mot mine foreldre. Eg hadde kasta dei under bussen og gått til politiet om eg hadde opplevd noko slikt, svarar mannen i 30-åra.

Han og dei andre tiltalte i den massive saka, nektar for alt barna seier har skjedd.

Hardt ut mot faren

Men storebroren trudde altså først på det veslebroren (no 17 år) fortalde at faren hadde gjort mot han. 

– Då broren min sa at overgrepa frå pappa hadde vart «så lenge han kunne hugsa», så byrja eg grine så eg nesten ikkje klarte å pusta, sa mannen i forklaringa si under ankesaka i Gulating lagmannsrett tysdag.

Bakgrunnen for det er dommen faren deira fekk i 2018, for nedlasting av fleire tusen filer med overgrepsmateriale, dels av svært grov karakter. Som «Blondpus» chatta faren med andre om overgrep mot barn.

– Pappa har heldt oss for narr. Han er rett og slett eit monster. Bileta som er vist i retten, viser at pappa har bagatellisert dommen han fekk.

– Han var «statsminister»

Då faren i 50-åra på nytt vart pågripen sommaren 2021, fordi politiet fann nye søk etter overgrepsmateriale, fekk han sjokk på nytt.

Han blei «voldsomt sint». I vitneavhøyr med politiet sa han at faren «bestemte alt i familien».

– Han var «statsminister». Han trengde ikkje seie noko ein gang, han gjorde som han ville og bestemte alt. Det var som om han ikkje ville at vi skulle lære oss noko. Han ville vi skulle vera heilt hjelpelause, for då var vi avhengige av han, sa han til politiet. 

– Eg var ganske rasande for at pappa hadde lurt meg på nytt etter dommen i 2018. Det var konteksten det blei sagt i.

Forsvarar: – Nokon i familien kan vera skuldig

Så snudde det

Utover hausten 2021 utvikla saka seg. Då fortalde veslesøstera og veslebroren at mora deira også var med på overgrepa.

Storebroren begynte å stussa på om det kunne vera sant.

Og i februar 2023 fortalde veslebroren at storebror også var involvert. Då var foreldra allereie tiltalt.

Påtalemakta har spurt alle om kva som kan vera barna sitt motiv for å snakke usant om at overgrep frå foreldra.

Skulda for å ha påverka barna: – Eg veit eg har tråkka i salaten

Storebroren fortalde retten at han har ein teori om at det kan vera snakk om ein form for hemn for at han ikkje trudde på forklaringane deira etter at mora blei sikta i saka. 

Og for at han omtala dei som «gode foreldre» i ei barnefordelingssak.

I politiavhøyr har han lufta tankar om at broren vart mobba for faren sin overgrepsdom og ønskte seg vekk frå kommunen, eller at søskena skal ha vore sure for at han ikkje kjøpte julepresangar til dei i 2022.

– Sagt i affekt

– Barnevernet har vore veldig irriterte på meg. Og det har vore veldig mykje mas om at eg skal forklare meg som eit offer. Uansett kva eg seier, meiner dei at eg har opplevd noko og ikkje torer å seie det.

Sjølv har han vore frustrert. Han innrømma å ha sagt om veslebroren at «han måtte få politibeskyttelse» om han kom tilbake til kommunen og at han «skulle knekke armar og bein» på han.

– Det er ting eg har sagt i affekt. Eg har sjølvsagt vore sint på han for å kome med falske skuldingar.

Forsvararane hans har bedt retten vurdere at «nokon kan vere skuldige og andre uskuldige», særleg i same familie. 

Men det slapp storebroren å svare på, då påtalemakta spurte om storebroren meinte heile forklaringa til veslebroren var usann eller om noko av det var sant.

Då braut nemleg ein av lagdommarane inn og stoppa spørsmålet. Eit vitne har ikkje forklaringsplikt om det kan leie til straff mot foreldre.

– Han kan velge å svare på dette, motargumenterte statsadvokat Ellen Cathrine Greve, utan å bli høyrd.

 Helge Birk Knudsen / TV 2
FIRE TILTALTE: Dette er dei involverte og dommen frå tingretten som alle dei tiltalte har anka. Foto: Helge Birk Knudsen / TV 2

La seg flat

Storebroren gjekk altså hardt ut mot faren sin internettsøk under forklaringa si. 

Men sjølv har han søkt etter ting som påtalemakta pressa han på under utspørjinga i lagmannsretten tysdag.

Til dømes «Jeg tenner på søstera mi», «sett søstera naken» og andre søk som omhandlar spesifikke seksuelle handlingar med søster. 

Då svara han at dette var søk som førte han til Pornhub og pornofilmar i tabusjangeren «stepsister».

– Det er her eg legg meg totalt flat. Det er veldig dumme søk.

Read Entire Article