Palestinske Mustafa fekk studie­plass i Noreg – nekta inn­reise av UID

1 month ago 65



Snart møtest årets nye studentar på United World College Røde Kross Nordisk (UWC) i Fjaler i Vestland.

Men det blir sannsynlegvis utan dei to palestinske studentane Waseem Nassar og Mustafa Saleh.

Dei slepp ikkje inn i Noreg.

– Å vite at det at ein er fødd palestinsk, i Palestina, avgrensar framtida di – det håpar eg ingen andre treng å kjenne på, seier Saleh.

Mustafa Saleh i Gaza. Like bak han er eit telt, litt høgare enn han sjølve.

Biletet er frå før Saleh fekk seg ut frå Gaza.

Foto: Privat

Han har fått seg ut av Gaza og til Egypt, og fekk søkt studentvisum frå eit søknadssenter i Kairo.

Den fekk han avslag på frå UDI.

Kompisen Waseem Nassar sit fast i Gaza, og får ikkje oppsøkt fungerande ambassade for å søke studentvisum.

Skulen i Fjaler får heller ikkje sende søknad på vegner av Nassar, sjølv om han gav dei fullmakt til det.

Det er berre tillate ved familiegjenforeining, er svaret skulen har fått frå UDI.

– Me søkte på UWC i lag, var håpefulle og gleda oss. No er alt håpet hans vekke, seier Saleh om kompisen.

Det var Firda som omtala saka først.

Ankar

Grunngjevinga på avslaget Saleh fekk er at UDI ikkje finn det sannsynleg at han kan returnere til heimlandet etter studiumet.

Det stadfestar advokat Åsmund Mjåland til NRK.

Han hjelper no Saleh i å anke saka.

Åsmund Mjåland, advokat. Kledd i svart dressjakke og blå skjorte, utan slips.

Advokat Åsmund Mjåland hjelper Saleh i å anke vedtaket frå UDI.

Foto: Liv-Unni Tveitane

Mjåland hjelpte òg fem av dei ti medisinstudentane frå Gaza som ikkje fekk kome inn i landet, og seier sakene liknar.

– Vedtaka er påfallande like. Sjølvsagt har nok UDI gjort ei konkret vurdering i denne enkelte saka, men eg saknar å sjå den konkrete vurderinga i sjølve premissane for dei avslaga, seier han til NRK.

– Kvifor står det ikkje at UDI har vurdert det som talar i Mustafa si retning?

I medisinstudentsaka greip til slutt regjeringa inn. Mjåland seier han håper denne saka går like langt.

– For dette er ein prinsipiell sak på mange måtar, og har mange likskapstrekk med medisinstudentsaka.

– Einaste moglegheita for høgare utdanning

Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt ved UWC Røde Kross Nordisk, Leonora Laukeland Kleiven, seier ho forstår frykta for at palestinske studentar ikkje kan reise heim etter studium, med tanke på krigen der no.

Men ingen av dei som er tilsett på skulen har opplevd at studentar hoppar av for å søke flyktning- eller asylstatus i Noreg.

Leonora Laukeland Kleiven, direktør for samfunnskontakt og kommunikasjon, står utføre UWC-skulen i Fjaler. Bak ho er logoen med to globar som kryssast, og viser alle kontinenta.

Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt ved UWC-skulen i Fjaler, Leonora Laukeland Kleiven.

Foto: Sunniva Fjærestad / NRK

– Me tenker at her kunne ein ha vist skjønn, og me har god statistikk på at elevane ikkje blir verande i Noreg viss det er det ein er redd for.

Ho understrekar at Mustafa i visumsøknaden sin la vekt på at han ville studere vidare i USA etter opphaldet i Fjaler.

– Elevane våre er såpass heldige at dei aller fleste har moglegheit til å søke vidare stipendordningar på inntil 100 universitet i USA. Og det er ein moglegheit alle ønsker å ta.

UWC, Flekke i Fjaler

UWC-skulen og Fjaler er som regel ikkje siste stoppestad for elevane som går her, seier Kleiven.

Foto: Linn Haug Eide

No meiner ho situasjonen er prekær for moglegheitene til Wasim og Mustafa.

– Utan å kome hit no har ikkje Mustafa noko tilbod om høgare utdanning eller å fortsette sin vidaregåande utdanning der han er, i Egypt. Det hastar for Wasim og Mustafa no.

– I situasjonen som Palestina står i no er det heilt uhøyrd å seie at me ikkje skal ta imot elevar derifrå, seier ho.

Ber justisministeren gripe inn

Studentane fekk studieplass hjå UWC før Noreg anerkjende Palestina som eigen stat, og før Palestina hamna på UDI si «raude gruppe» over land.

Innbyggjarar frå land i denne gruppa har vanskelegare for å få opphald enn land i grøn, gul eller oransje gruppe.

Alfred Bjørlo (V) har allereie teke saka opp med justisminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant og helsepolitisk talsperson for Venstre

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo frå Venstre har allereie tatt saka opp med justisministeren.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Justisministeren bør syte for at UDI og heile systemet vårt går inn i saka og brukar skjønn, og ikkje berre avviser elevane ut frå ein sjablongregel, seier Bjørlo.

Han understrekar at UDI har moglegheit til å vise skjønn.

– Dei moglegheitene ligg i regelverket. Så dette handlar om å utøve det skjønnet ein har høve til i tråd med regelverket, og sørgje for at UWC får ta inn studentar.

Er ikkje instruerte

Teamleiar for presse og samfunnskontakt hos UDI, Per-Jan Brekke, seier at dei ikkje er blitt instruerte av Justis- og beredskapsdepartementet om å endre praksis for alle studentar frå Palestina – berre for dei ti medisinstudentane.

– Difor blir studiesøknader frå andre palestinarar handsama i høve til vanleg praksis, seier han.

Brekke viser til Justis- og beredskapsdepartementet for ytterlegare spørsmål om sjølve instruksen.

Justis- og beredskapsdepartementet skriv til NRK at dei har fått skriftleg spørsmål frå Stortinget om saka, og vil svare Stortinget før dei svarar media.

Publisert 09.08.2024, kl. 07.53

Read Entire Article