Palestinske Mustafa får likevel kome til Noreg: – Tårene trilla

1 month ago 23



– Eg visste ikkje kva eg skulle seie, eg klarte ikkje å snakke verken engelsk eller arabisk. Tårene trilla, eg blei så letta.

Slik reagerte palestinske Mustafa Saleh på at han likevel får begynne på United World College (UWC) i Fjaler, ein internasjonal vidaregåande skule for ungdom i alderen 17–19 år.

Saleh fekk først avslag på innreisesøknaden av UDI fordi dei meinte det var lite truleg at han kunne returnere til heimlandet sitt etter skulegangen.

Han anka saka, og i går kom beskjeden frå Utlendingsnemda (UNE).

Dei har vedtatt at han likevel får visum til Noreg.

Blant anna fordi skulen han skal gå på har eit godt rykte som fredsgymnas, og fordi det er gode moglegheiter for vidareutdanning gjennom stipendordningar for UWC-elevar.

United World College (UWC RCN)

United World College er ein internasjonal skule som ligg i Fjaler.

Foto: Malene Laura Solheim / NRK

Braut saman i tårer

Advokat Åsmund Mjåland stadfestar at Saleh får visum.

– UNE har lagt vekt på at han skal gå på UWC. Sjølv om dei meiner at det er svake returføresetnader, har dei under tvil kome til at han skal få visum for skuleåret.

I går kunne Mjåland formidle den gode nyheita til Saleh.

Han braut saman i tårer. Eg merka for eigen del også at det var vanskeleg å ikkje bli rørt av reaksjonen. Det var ei enorm lette for han.

Då Mjåland ringde Saleh, var han saman med søstera si på eit kjøpesenter.

– Vi begynte å danse og springe rundt, blei heilt ville, og eg klemte tre heilt ukjende folk, fordi eg blei så glad, fortel Saleh.

Mjåland håper at Saleh vil vere på plass på skulen innan ei vekes tid.

Firda skreiv først om at vedtaket blei endra.

Éin elev igjen

Også palestinske Waseem Nassar fekk plass på skulen.

Han sit fast i Gaza, og får ikkje oppsøkt fungerande ambassade for å søke studentvisum.

Skulen i Fjaler får heller ikkje sende søknad på vegner av Nassar, sjølv om han gav dei fullmakt til det.

Det er berre tillate ved familiegjenforeining, er svaret skulen har fått frå UDI.

Mjåland representerer ikkje Nassar, men har likevel sendt ein formell førespurnad til Justisdepartementet for å høyre om det er noko unntak frå krav om oppmøte for å kunne søke om visum.

Åsmund Mjåland, advokat. Kledd i svart dressjakke og blå skjorte, utan slips.

Også advokat Åsmund Mjåland var rørt då han fortalde Saleh at han fekk visum til Noreg.

Foto: Liv-Unni Tveitane

Svaret var at det ikkje finst særreglar eller unntak for å fremje søknad.

Det er litt leitt, for då hindrar du ganske mange frå å fremje ein søknad om opphaldsløyve for å gå på skule i Noreg. Det er openbert eit hol i regelverket sånn som det er i dag.

Håpar på endring

Elevane Saleh og Nassar fekk studieplass hjå UWC før Noreg anerkjende Palestina som eigen stat, og før Palestina hamna på UDI si «raude gruppe» over land.

Innbyggjarar frå land i denne gruppa har vanskelegare for å få opphald enn land i grøn, gul eller oransje gruppe.

Leonora Laukeland Kleiven

Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt ved UWC Røde Kors Nordisk, Leonora Laukeland Kleiven, er glad for at Saleh får visum.

Foto: Malene Laura Solheim / NRK

Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt ved UWC Røde Kors Nordisk, Leonora Laukeland Kleiven, er letta for at Saleh no får kome.

Ein kan aldri vere sikker, men vi har kjent på at dette er ei sterk sak og har tenkt at det ikkje kan vere andre moglegheit enn at Mustafa skulle få opphald. Å sjå det svart på kvitt, var likevel utruleg godt.

Ho håpar at UNE sitt vedtak på sikt vil gjere det lettar at elevar frå raudlista land kan begynne på skulen deira.

Som eit fredsgymnas oppretta for å bringe ungdommar frå heile verda samen, er det ekstremt viktig at ungdommar òg frå dei landa som står i vanskelege konfliktar og i krig, får den moglegheita.

Kleiven håpar også at UNE sitt vedtak vil legge til rette for at også Nasser får visum.

Mustafa Saleh er ven av Nasser og håpar no kompisen får reise ut av Gaza og begynne på UWC, slik som han sjølv.

– Å gå på UWC betyr svært mykje og gir moglegheiter for framtida, seier Saleh, som drøymer om å studere datasikkerheit i framtida.

Publisert 23.08.2024, kl. 17.35

Read Entire Article