Politiet etterforskar ein påkøyrsel av ein mann i 30-åra. Mannen var på staden for å markere støtte til Palestina, får NRK bekrefta av politiet.
Påkøyrselen skal ha skjedd i etterkant av eit møte i organisasjonen Med Israel for Fred (MIFF) i Sandnes i får kveld.
MIFF hadde eit større arrangement i byen. Palestina-demonstrantar skal ha møtt opp utanfor på ein parkeringsplass.
Det skal ha oppstått spenningar mellom gruppene. Det skal ha vore rundt 200–300 personar til stades, ifølge politiet.
Ein mann i 70-åra blir no etterforska. Han skal vere tilknytt MIFF, opplyser politiet til NRK.
– Eg håpar berre at dette er noko som har skjedd som følge av eit uhell og kan forklarast på ein annan måte. Men det veit eg ikkje, seier Rolf Myrland, styreleiar i MIFF Stavanger.
Harde ordvekslingar mellom gruppene
Initiativtakar bak gårsdagens demonstrasjon, Sandra Pedersen, seier ho og 15 andre samla seg utanfor staden der MIFF haldt møte, for å protestere mot arrangementet deira.
Pedersen hevdar det skal ha vore harde ordvekslingar mellom demonstrantane og nokre møtedeltakarane.
Politiet skal også ha vore til stades når ordvekslingane skjedde. NRK har også sett bilete og video av politi på staden.
– Han er hard ramma
NRK har ikkje lukkast å få ein kommentar frå politiet om hendingsgangen i saka. Dei stadfesta likevel i ei pressemelding i dag at dei etterforskar saka.
– Vi har gjennomført avhøyr av sjåføren, som er i 70-åra, og fornærma. Vi ønsker å avdekke hendingsgangen, sa politiadvokat Ketil Remman i pressemeldinga.
Ifølge Pedersen drog demonstrantane til legevakta i Sandnes etter hendingar. Der blei mannen i 30-åra vist vidare til Stavanger universitetssjukehus for vidare undersøkingar.
– Han er hardt ramma, seier Pedersen dagen etter hendinga.
Publisert 19.11.2024, kl. 14.42 Oppdatert 19.11.2024, kl. 14.59