I desember 2021 tok Tom Phillips med seg dei tre borna sine og drog ut i villmarka. Det skjedde etter ein konflikt der borna si mor fekk omsorga for dei, ifølgje politiet.
Borna er no 9, 10 og 12 år gamle.
Saka har skapt store overskrifter både på New Zealand og internasjonalt.
Politiet på staden der mannen blei stansa ved hjelp av spikarmatte.
Foto: DJ MILLS / AFP / NTBI løpet av dei nesten fire åra som har gått, er faren og borna blitt observerte fleire gonger, men politiet har ikkje greidd å få tak i dei.
Natt til måndag fekk politiet melding om væpna innbrot i ein gardsbutikk i byen Piopio på den nordlegaste av dei to newzealandske hovudøyene.
Overvakingsvideo frå slutten av august.
Dødeleg konfrontasjon
Faren og eitt av borna blei observerte på ein firhjuling, på veg bort frå staden. Politiet la ut spikarmatte, og stansa firhjulingen.
– Den første politibetjenten som kom fram, blei møtt med skotveksling på nært hald. Betjenten blei treft i hovudet og søkte dekning. Kort tid etter, kom ein annan politipatrulje og skaut mot gjerningsmannen, som døydde på staden, fortalde fungerande visepolitimeister Jill Rogers på ein pressekonferanse i natt.
Visepolitimeister Jill Rogers på pressekonferanse i natt.
Foto: DJ MILLS / AFP / NTBRogers opplyste at politiet har tatt hand om barnet som var saman med mannen.
– Dette er eit utfall som ingen skulle ønskje, sa Rogers.
Dei to andre borna funne
Borna si mor omtalte siste utvikling i saka slik:
– Dei har vore djupt sakna kvar einaste dag i nesten fire år. Vi ser fram til å ønskje dei velkommen heim. Det vi har vore vitne til i dag, er trist, sa ho til Radio New Zealand.
Seinare måndag opplyste politiet at dei to andre borna var funne ute i villmarka, i god behald.
– Det er utruleg godt å vite at borna er trygge, og får omsorg etter nesten fire år, seier Jill Rogers.
Politiet fekk inn tips frå fleire som meinte dei hadde sett mannen i august 2023.
Foto: New Zealand policeObserverte fleire gonger
Politiet har vore på sporet av den ettersøkte mannen fleire gonger. Så seint som i slutten av august blei han, og eitt av borna, filma av eit overvakingskamera då dei, ifølgje politiet, var på jakt etter matvarer.
Innbrotet fann stad i Piopio, den same byen der dei var tilbake natt til måndag.
Politiet trur at dei fire har budd i villmarka sidan dei forsvann, og at faren har fått hjelp med forsyningar. Dei meiner også at han har fått hjelp til å halde seg skjult.
Foto frå videoovervaking av det politiet meiner er Phillips og eitt av borna i november 2023.
Foto: New Zealand policeMannen sin familie har fleire gonger bedt han om å komme heim.
«Eg er veldig lei meg for du trudde du måtte gjere dette. Og at du ikkje tenkte på kor mykje vi elskar deg og kan støtte deg», skreiv mor hans i ei fråsegn til lokale medium.
Publisert 08.09.2025, kl. 09.25 Oppdatert 08.09.2025, kl. 09.32