På høy tid å innføre eit makstak på antall nye hytter i Valle kommune

3 hours ago 3



Talet på fritidsbustader i Noreg er no om lag 450.000, og dei blir stadig fleire og større. Valle er ikkje noko unntak.

Foto: Jacob J. Buchard

No er det fleire fritidsbustader (over 1500) enn innbyggjarar (1200). Talet på hytter går opp, medan talet på innbyggjarar går ned. Hyttegjester fører til ei om lag tredobling av folketalet i høgsesongen, noko som er positivt og bra. Likevel må ein spørje seg om dette er berekraftig med tanke på meir naturøydelegging og kostnader til kommunale tenester.

Utfordringa i Valle er ikkje at det er for få hytter, men for få nye innbyggjarar som investerer i eigne bustader. Årsaka er forståeleg når verdien forsvinn så snart ein stikk nøkkelen i døra. Kjøp av hytte gir ofte ein prisauke. Entreprenørar kjem inn når eit hyttefelt blir bygd ut, og lokale bedrifter tek heldigvis ansvar for brøyting, vedkøyring, handling og vedlikehald, noko som er positivt. Næringslivet og nokre politikarar dreg økonomisk nytte av hytteutbygging og ønskjer fleire hytter utan å tenkje på langsiktige konsekvensar.

Det vil vere klokt å sjå til Vinje, der mange innbyggjarar no meiner grensa er nådd, nettopp fordi ulempene har vorte langt større enn fordelane. I Valle kommune har kritiske røyster vore få til no, og ulempene ved hyttebygginga har ikkje vore tema før dei siste åra. Fleire innbyggjarar seier no at nedbygging av natur og aukande konfliktar knytte til beitenæringa er utfordrande. Den auka ferdsla frå stadig fleire turgåarar og skituristar i oppkøyrde skiløyper i randsoner og villreinområde skapar fleire utfordringar i lokalsamfunnet. Grunneigarar, bønder som driv næring, og lokalbefolkninga sine interesser kjem under aukande press.

Det er slike tilhøve som kan føre til endå strengare krav for lokal fritidsaktivitet som til dømes snøskuterkøyring. Dette er eit særs viktig gode og ein kultur for heimflytta ungdom og eigne innbyggjarar som er busett i kommunen. Spørsmål ein no må stille seg er: Kven tener på hyttebygginga? Er eigarskapet til utmarka som skal byggjast ned rettferdig fordelt? Kva er klimaavtrykket frå hyttebygginga? Kva kostar det eigentleg å byggje ned natur? Og kor mykje areal av natur blir bygd ned?

Etter mi personlege meining er det på tide å setje eit makstak på kor mange nye hytter vi ønskjer å ha i kommunen. Det må ikkje verte slik at eigne innbyggjarar mistar både sin bulyst og lokale goder som snøskuterkøyring, jakt og friluftsliv i natur. Det kan heller ikkje lenger vere slik at berre pengar rår, men at vi legg til rette for ein berekraftig framtid, også for dei som bur i Valle kommune.

Kim Pedersen (Ap). Foto: Privat
Read Entire Article