Overtok gjev toppjobb: – Kjem til å fokusere på menneske

1 month ago 31



23. august 2024 kl. 15:36

I dag overtok generalmajor Øyvind Gunnerud stillinga som sjef for Luftforsvaret. Det skjedde under ein symboltung seremoni i Bodin leir.

Han får arbeidsplass på Reitan utanfor Bodø og erstattar Rolf Forland.

Gunnerud har jobba i Forsvaret heile si yrkesaktive karriere.

– Kva er det viktigaste du ønsker å få til i jobben?

– Det er ein viktig og spennande jobb og det eg kjem til å fokusere på det handlar om menneske. Å ta vare på menneske, sørge for at dei har det bra, slik at dei gjer ein god jobb i Forsvaret og i Luftforsvaret. Så er det e å fokusere på beredskap og utvikling, seier Gunnerud.

Han seier det er ei spesiell sikkerheitspolitisk tid vi er inne i med det som skjer i Ukraina, Midtausten og andre stader.

– Det betyr at satsingar på forsvar som det blir lagt opp til, er viktig for å sørge for at vi har så god sikkerheit som mogleg.

Det å vere fleksible og å tilpasse seg er noko dei trenar mykje mykje på i Forsvaret, meiner han.

– Så gjer vi ikkje det åleine, vi jobbar også saman med allierte om akkurat det same, i ein Nato-alliert kontekst.

– Kva slags rolle har det norske Luftforsvaret i Natoalliansen slik du ser det, og ikkje minst med tanke på vår nærleik til Russland?

– Luftforsvaret og luftmakt har dei fortrinna som handlar om høgde, fart og rekkevidde. Det betyr at vi kan reagere raskt over store avstandar, og dermed vere ein viktig første ting viss nokon skulle true eller utfordre både norsk og allierte nato-suverenitet.

Read Entire Article