Os: Fleire hustak har blese av

1 month ago 21



Deler av taket på ein firemannsbustad i Hagavik i Os har blåse av, flydd om lag 100 meter og treft ein husvegg.

Ingen er heime i huset og ingen er skadde.

Det melder politiet.

Det er også skade på eit anna bustadbygg, der taket skal ha letta og landa igjen.

I tillegg er det skader på bilar og enkelte takstein som har flydd av tak.

Fire personar er evakuerte.

Øydeleggingar etter uvêr på Os

Det er store øydeleggingar etter uvêr på Os.

Foto: Rene Dyngeland

– Ein evakuert til lokal brannstasjon, dei andre besørger seg sjølv, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i politiet.

Rene Dyngedal bur i området.

Ifølge han kom det plusteleg mykje vind, regn, lyd og tore omtrent samstundes.

Han tok ungane og løp ned i kjellaren i tilfelle det skulle komme plankar og takplanter.

– Det begynte å regne som eg aldri har sett før. Det var masse bråk og eg såg nesten ikkje ut vindauga.

Vind på Os

Takstein ramla ned etter uvêr på Os.

Foto: Rene Dyngedal

Store øydeleggingar på idrettsanlegg

Idrettsanlegget til Nore Neset har også fått store skader.

Vaktmeister Steinar Hesthamar var den første på staden etter uvêret.

Han seier at det er store skadar på både bygg og på kunstgrasbana.

Det ser ut som ganske forferdeleg ut.

Ifølge han vil dei måtte stenge av idrettsanlegget for ein periode.

– Det er heilt forferdeleg for idrettslaget og barn og unge som er her til vanleg.

Gult farevarsel for styrtregn

Ifølgje meteorolog Ingri Halland Soldal har det regn meir enn 20 millimeter mellom klokka 09 og 10 i dag på Os.

– Vindstyrken kjem med dei kraftige bygdene.

Varsel for styrtrgen

Gult farevarsel for styrtregn på deler av Vestlandet.

Foto: meterologisk institutt

Ifølge henne vil det framleis blir byeaktivitet i løpet av dagen.

Meteorologane har sendt ut gult farevarsel for styrtregn for ytre strok av Vestland fram til klokka 14 laurdag. Det er og moglegheit for torebyer

– Om bygene blir like kraftige er vanskeleg å føreseie, seier Soldal.

Publisert 24.08.2024, kl. 11.26 Oppdatert 24.08.2024, kl. 11.56

Read Entire Article