«Versus»
Temperaturen var høg då likestilling og feminisme blei debattert under TV 2-programmet «Versus».

Publisert 27.08.2025 06:04
– Problemet er ikkje feminismen. Ein kan faktisk få bukt med utfordringane som menn står ovanfor utan at det må gå på kostnad av kvinner, seier Frøya Sjursæther frå Miljøpartiet dei Grøne.
I episode to av TV 2-programmet «Versus» var det kjønn som skulle diskuterast.
Deltakarane skulle ta stilling til tre påstandar, og stilla seg på einig eller ueinig.
Engasjement og temperatur var stikkorda då påstanden «menn er dei eigentlege taparane i samfunnet» skulle diskuterast.
Versus episode 2: Kjønn
Dei som deltok i debatten i episode 2 var:
Markus Johnsen
Elias Omberg
Naomi Oseki
Frøya Sjursæther
Synnøve Dørum
Passar Qadir
Emil Stenhaug
Marcus Deboer
Ahram Sheikh
Tristan Holt
Bjørn Skalpe Bjørli
Markus Haugen
Silje Schevig
Olina Hovland
Sara Ude Hasle

«Menn er dei eigentlege taparane»
Utsegna til Sjursæther vekte reaksjonar på andre sida av bordet.
Influensar og psykologistudent Elias Omberg rekka handa i vêret og parerte.
– Det er veldig stygt at Frøya ilegger oss den meininga at det er feminismen si feil at menn har desse problema. Det blir å vri påstanden, seier Omberg.

Han meiner påstanden i seg sjølv er unyansert, og meiner det er rom for meir balanse i debatten. I tillegg understrekar Omberg at det må meir nyanse til for å løyse problem både kvinner og menn står ovanfor.
Bjørn Skalpe Bjørlie frå Civita melder seg på, og meiner trenden er tydeleg.
– 60 prosent av personar innan høgare utdanning er kvinner. Menn daler på statistikk over kven som har høgst utdanning. Den trenden er klinkande klar, seier Skalpe Bjørlie.
– Det handlar framleis om strukturane i samfunnet som gjer at det er mogleg, seier sentralstyremedlem i AUF, Emil Stenhaug.
Sjursæther meiner det er noko med likestillingspolitikken i Noreg som gjer at kvinner heng bakpå.

– Me kan diskutera kven som er dei eigentlege taparane, med ordet eigentleg så får de som stiller dykk bak det til å verka som at kvinner ikkje er taparar i samfunnet. Fattige menn er taparane, men rike menn styrer heile verda
– Du snakkar om bitte liten prosentdel av menn som representerer heile hierarkiet. Det er ganske stygt, seier Omberg, i det fleire forsøker å få ordet.
I tillegg til fråfall i akademia, vart òg sjølvmordsstatistikk og tal på innsette i fengsel trekt fram som eksempel på at menn har kome skeivt ut i samfunnet.
– Ikkje eit likestillingsproblem!
Ein annan påstand som skulle diskuterast var om kvinner og menn var likestilte i Noreg.
– Uansett kva årsaka til lønsforskjellane er, så er det eit likestillingsproblem, seier Sjursæther.

– Det er ikkje eit likestillingsproblem! Det handlar om lik rett til like moglegheiter, seier Markus Johnsen, som meiner kvinner og menn er likestilte.
– Berre fordi det ikkje står nedfelt i grunnlova at menn er verdt meir enn kvinner, så kan ein framleis ha likestillingsutfordringar i Noreg, og det har ein, svarer Sjursæther.
Du kan sjå heile debatten her.
Gratis innhald
Gjennom tre episodar skal deltakarane i debattkonseptet diskutera ulike tema og påstandar frå kommentarfelta i sosiale medium.
Både ungdomspolitikarar og influensarar skal møtast ansikt til ansikt, og debattera utan filter.
Det nye debattprogrammet kjem samtidig med at TV 2 tilbyr alt valinnhaldet på TV 2 Play gratis i ein månad.
Målet er å få fleire nordmenn, spesielt unge, til å sjå meir nyheitsstoff.
00:45
