Opplevde dødsfallet på nært hald: – Heile sporten er i sjokk

15 hours ago 1



29 år gamle Mattia Debertolis kollapsa under mellomdistansen til herrane fredag 8. august. Orienteringsløparen blei funnen bevisstlaus rundt 50 kilometer frå storbyen Chengdu.

Fire dagar seinare blei det opplyst at Debertolis var død. Det internasjonale orienteringsforbundet (IOF) og arrangøren omtalte dødsfallet i ei pressemelding tysdag.

– Eg kan ikkje med tilstrekkelege ord beskrive den ufattelege djupna av sorg i dette tragiske tapet av liv. Våre tankar er med alle som sørger over Mattia. Eg oppfordrar det globale orienteringsmiljøet til å heidre minnet hans, seier IOF-president Tom Hollowell.

«Trass i å ha fått omgåande eksperthjelp ved ein av dei leiande medisinske insitusjonane i Kina, døydde han 12. august 2025», skriv verdsleikane på nettsida si.

– Eit sjokk

Det tragiske dødsfallet skakar orienteringsmiljøet.

– Det er eit sjokk. Heile orienteringssporten er i sjokk. Det er veldig spesielt i orienteringssporten, for det er ein liten sport. Alle kjenner ikkje alle, men alle veit godt kven alle er. Da er det rart når éin av dei fire italienarane plutseleg døyr, seier Vegard Jarvis Westergård til NRK.

Westergård er frå Bergen, men spring for Canada. Han blei sjølv nummer tre på mellomdistansen, men prestasjonen blei i ettertid overskygd av uvissa rundt Debertolis.

Utøvarane fekk berre beskjed om at italienaren låg på sjukehuset, ifølge Westergård.

– Det er litt rart. Alt var heilt normalt etter løpet. Alle har levd i usikkerheit og vi visste ikkje kor alvorleg det var før dagen etterpå, fortel han.

Vegard Jarvis Westergård under SLU Elitsprinten.

I SJOKK: Orienteringsløpar Vegard Jarvis Westergård sprang inn til tredjeplass på mellomdistansen i Kina. Tysdag fekk han sjokknyheita om at Debertolis hadde gått bort.

Foto: Peter Holgersson / Bildbyrån

Vanskelege forhold

Temperaturen i Chengdu var over 30 grader fredag. Samtidig var luftfukta godt over 70 prosent gjennom dagen, ifølge nettstaden Time and Date.

Det skal ha sørgt for at temperaturen kjentest som nærare 40 grader. Fleire av utøvarane sleit med forholda, ifølge Westergård.

– Løpet var veldig varmt. Det var høg luftfukt, og det hadde vore varmt i dagane før løpsdagen, så det var ganske utfordrande forhold. Lufta stod heilt stille og det var utfordrande. Det var mange som ikkje var vant til varmen.

Sjølv kom han unna med det utan dei store problema.

– Eg har vore i Kina i nokre veker og er akklimatisert, men dei første vekene var heilt forferdelege. Det var mange som kom med tilbakemeldingar om at dei gjekk heilt tomme for krefter. Det var heilt unormale forhold, fortel Westergård.

Anselm Reichenbach fekk det tyngre.

– For meg var det forhold eg aldri har vore borti før. Det var frykteleg varmt og fukta var høg. Det var heller ikkje overskya som det hadde vore i dagane før, så det var full sol, spesielt under herreløpet, fortel han til NRK.

Måtte bryte

Reichenbach er frå Holmlia, men spring for Tyskland ettersom han har tyske foreldre.

Orienteringsløparen starta for hardt og gjekk på ein smell omtrent midtvegs i konkurransen.

– Etter kvart trefte sola meg kjempehardt, og det var ikkje noka moglegheit for å finne skugge. Det var da eg knakk. Eg fortsette litt vidare, men så blei eg berre svimmel, fortel Reichenbach.

Til slutt måtte han ta ein pause. Tilfeldigvis sette orienteringsløparen seg ned utanfor eit hus, der han fekk komme inn til aircondition og vatn.

Etter nokre minutt innandørs sette Reichenbach kursen vidare mot målområdet, men trekte seg frå sjølve konkurransen.

– Eg var innom tanken om at det ville vore frykteleg dumt å kollapse midt inne i skogen, men eg trur eg stoppet på rett tidspunkt. Eg kjente at her gjekk det ikkje vidare.

– Reine intensivstasjonen

Da han omsider stoppa å springe, starta det å krible i heile kroppen. Reichenbach beskriv det som eit symptom på heteslag, og han skal ikkje ha vore den einaste som fekk problem.

– Det verka som reine intensivstasjonen, seier han om målområdet.

Reichenbach fortel at han aldri har sett så mange frivillige hjelparar før.

– Eg trur dei hadde sett opp 500 folk som skulle hjelpe til med arrangementet, og det var berre 80 deltakarar som stilte. Det var nok av helsepersonell som tok vare på dei løparane som kom i mål, fortset orienteringsløparen.

– Synest du det var forsvarleg å arrangere løpet i dei forholda?

– Eg vil ikkje seie at eg har nokon fasit på det, men eg håpar dei kan sjå på løpet og dra nokon konklusjonar for framtida. Kanskje vi kan få nokre andre løysingar til neste gong vi er borti slike forhold, svarer Reichenbach.

NRK har prøvd å komme i kontakt med verdsleikane, foreløpig utan svar.

– Uendeleg trist

Norske orienteringsløparar har til liks med Westergård tatt imot nyheita om Debertolis’ bortgang med sjokk.

– Hans brå bortgang er tragisk og uendeleg trist. Mine tankar går til hans næraste og det italienske laget, seier Eirik Langedal Breivik til NTB.

en mann i sportsuniform

«TRAGISK»: Eirik Langedal Breivik sender sine tankar til Debortolis’ næraste familie.

Foto: Alf Simensen / NTB

Breiviks landslagskollega, Jørgen Baklid, vakna også til dei triste nyheitene frå Kina.

– Eg har ikkje hatt lang tid til å ta det innover meg. Eg har fått med meg at det var frykteleg varmt og krevjande forhold under løpet den dagen, og at mange måtte bryte eller roe det heilt ned. Men at det skulle gå så gale, er skremmande, seier han til NTB.

Italienske Debortolis var rangert som nummer 137 i verda og hadde konkurrert sidan 2014, ifølge IOFs nettside.

Publisert 13.08.2025, kl. 08.04

Read Entire Article