Opnar for endring etter verdsstjerne-flukt: – Får sjå kva veg vi går

12 hours ago 2



– Vi har jo leika med tanken på mange ulike ting. Det kan vere at eg også skal teste litt ulikt, seier Warholm til NRK.

Etter enda eit VM-gull, så varsla den nederlandske superstjerna Femke Bol på fredag at ho byter øving frå 400 meter hekk til 800 meter frå neste sesong.

– Det er eit spenstig val. Men eg trur nok det var eit fint trekk for henne. Ho har ein løpsstil som kan passe bra til det, seier Warholm om Bol.

I VM i Tokyo i år valde verdsrekordhaldaren på 400 meter hekk for kvinner, Sydney McLaughlin-Levrone, å heller springe 400 meter flatt – der ho tok gull.

Eit byte varsla også Warholms rival på 400 meter hekk, Rai Benjamin, etter at han sprang inn til VM-gull på distansen i Tokyo.

  • c_9BjHYChak

    STJERNE: Femke Bol tok VM-gull på 400 meter hekk i Tokyo. Hun var også VM-gull på distansen i 2023.

    Foto: AFP
  • w45Kaf8qOzk

    MESTER: Rai Benjamin fra USA vant VM-gull i Tokyo i september.

    Foto: Reuters
  • En gruppe menn på en scene

    BYTTER: Rai Benjamin vant også OL-gull foran Karsten Warholm i 2024. Nå skal han prøve seg på 400 meter flatt.

    Foto: Beate Oma Dahle / NTB

No ser ikkje den norske stjerna bort ifrå at han kan komme til å droppe hekkane på eit tidspunkt.

– Det er jo litt dette med å springe utan hekkar. Det er jo plutseleg nokre stafettøvingar som kan vere interessante. Vi får sjå kva veg vi går, seier han.

Vil ha hemn

NRK møter Warholm i samband med landslagsuttaket til Norges Friidrettsforbund tysdag.

– Kunne du blitt trigga av noko anna?

– Det er litt både-og. Vi har leika oss med litt andre variantar. Vi har sprunge mykje 400 meter innandørs, og den typen ting tidlegare. Det er jo veldig gøy, seier han og legg til:

– Men det er jo hekken som eg på ein måte søker hemn mot nå da.

På uttaket er også Henriette Jæger, som avslutta ein sterk sesong der ho blant anna tok sin første Diamond League-siger.

Ho er også inne på tanken å prøve ut nye distansar.

– Kanskje eg skal prøve ein ny distanse neste år. Eg veit ikkje. Vi legg ikkje alle egg i same korg. Vi vil prøve ulike distansar. Det gjer også at eg utviklar meg, seier Jæger til NRK.

En gruppe mennesker som løper på en bane

NY UTFORDRING: Karsten Warholm, Amalie Iuel og Henriette Jæger før Diamond League-stemnet i Polen i august.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK

– På kva distansar tenker du?

– Kven veit? Eg synest 200 meter er veldig gøy, så kanskje vi skal fokusere meir på det. Hundre meter og. Eg må få pynta på persen min. Og kanskje 60 meter. Du ser meg kanskje på 60 meter innandørs.

Jæger enda på sjuandeplass på 400 meter i VM for ein knapp månad sidan, medan Warholm sprang inn til ein femteplass på 400 meter hekk.

Han beskriv tapet mot Benjamin i OL-finalen i 2024 som eit botnpunkt, men innrømmer at VM-finalen i Tokyo blei ein enda større skuffelse.

Warholm forklarar at han fekk ein strekk øvst i leggen ut av startblokkene, og at det sette han ut av spel i VM-finalen.

– Eg har deppa litt, men det eg må stå i.

– Alderen jobbar ikkje for meg

Til februar neste år fyller Warholm 30 år. Han seier at han ikkje vil minnast på det.

– Vi må styre det på ein sånn måte at vi klarer å presse fleire gode år ut av sitronen, men det er klart at det har vore mange år med hardt trykk.

– Samtidig sprang vi jo 46,28 i år, så det var jo noko som var på glid. Men det er klart at alderen ikkje jobbar for meg lenger, seier han.

Er du over toppen?

– Eg håpar ikkje det. Men eg skjønner kor spørsmålet kjem frå.

Men motivasjonen er ikkje eit problem, og Warholm er sikker på at Benjamin, som skal prøve seg på 400 meter flatt neste år, kjem tilbake til hekkane i VM 2027 og OL 2028.

Det er desse meisterskapane som er hovudfokuset for Warholm framover.

– Eg trur det skumlaste for min del nå vil vere å introdusere nye ting eigentleg. Eg kjenner meg framleis ikkje ferdig med å søke eit nivå som er enda litt betre der.

– Kor lenge skal du halde på da?

– Gudane veit. Eg har ikkje peiling. Eg trur det er skummelt for prestasjonen og toppnivået når du byrjar å tenke på «plan b» og tida etter. Eg kjenner eg har ein fin buffer som gjer at eg kan ta den sorga når ho kjem.

Publisert 15.10.2025, kl. 17.34

Read Entire Article