– Det er litt som å få eit filmstudio på PC-en

3 hours ago 2



Nyleg lanserte OpenAI den nye versjonen av Sora, altså Sora 2.

Ein app som gjer det enda vanskelegare å sjå forskjell på kva som er ekte og falsk video.

Den kjende influensaren Oskar Westerlin er ein av dei som har tatt i bruk Sora 2 til å lage kreative videoar med kunstig intelligens (KI).

– For meg er Sora eigentleg berre enda eit leiketøy for kreativitet. Det er litt som å få eit filmstudio på PC-en, seier han.

– Viktig med grenser

I sosiale medium kan vi blant anna sjå Westerlin gjere sin «Get ready with me»-rutine.

Men det vi ser er ikkje ekte.

Dette er videoar med ein teknisk kvalitet innan kunstig intelligens ingen trudde var mogleg for kort tid sidan.

– Utviklinga går jo heilt sinnssjukt fort. Resultata ein får med Sora er heilt ville i forhold til den første videoen med Will Smith som et spagetti for eit par år sidan.

Tidleg KI-video av Will Smith, før Sora 2 kom på banen.

Video: TikTok, @fitlohdotcom, 15.10.25

Men han meiner det er viktig med grenser.

– Nokre gonger blir videoane litt skremmande bra. Heldigvis er det veldig strenge reglar på KI-videoplattformene, så ein kan ikkje lage kva som helst.

Oskar Westerlin likar å leike seg med dei nye moglegheitene Sora 2 gir.

Video: TikTok, @__latter__, 13.10.25

Svært realistisk

Med appen Sora 2 kan du skrive inn ein tekst som «ein fin haustdag der lauvet fell frå treet», og få ein realistisk video tilbake.

Du kan òg velje stil: som eit måleri, ein anime, eller ein tidsperiode. Teknologien opnar for uendelege kreative moglegheiter, men også store utfordringar.

– Du kan lage videoar av kva som helst. Det er gøy og spennande, og kan brukast til alt frå reklame til å lage ein morosam video med vener. Men det er òg mange negative sider.

Det seier KI-ekspert og redaktør for Aiavisen.no, Adam Tzur.

Ein av dei største bekymringane er moglegheita for å lage såkalla deepfakes.

Altså falske videoar der folk blir framstilte som om dei seier eller gjer noko dei aldri har gjort.

Det kan til dømes føre til store problem for rettsvesenet, meiner Tzur.

Denne videoen er heilt fake. Etter kampen mellom Noreg og Israel har det dukka opp fleire Sora 2-videoar.

Video: TikTok, @wolaii, 13.10.25

Opphavsrett i spel?

– Videobevis kan bli ubrukelege. Og det påverkar vår forståing av kva som er verkeleg, seier eksperten.

OpenAI, selskapet bak Sora, har blitt saksøkt for å ha brukt opphavsretts-beskytta materiale til å trene opp teknologien.

Det reiser spørsmål om framtida til opphavsretten, meiner Tzur.

– Enten må selskapa betale for å bruke bilete og videoar, eller så må vi kanskje endre heile systemet. Kanskje går vi mot ei framtid der vi ser på innhald som eit slags fellesgode, seier han.

Adam Tzur

Adam Tzur er redaktør for Aiavisen.no, men jobbar til vanleg for Sintef.

Foto: Sintef

Lagar lov i EU

I EU blir det jobba intenst med å etablere eit lovverk som skal regulere bruken av kunstig intelligens.

Det er heilt naudsynt meiner Adam Tzur.

Han peikar mellom anna på at Meta og Google jobbar med usynlege vassmerke og metadata for å merke KI-generert innhald.

Det har også blitt kjend at i OpenAI så ligg det inne usynlege vassmerke i gratisversjonane.

Men det blir også spekulert i om betalande brukarar kan droppe vassmerka.

Video med Oskar Westerlin laga av Sora 2.

Video: TikTok, @oskarwesterlin, 13.10.25

Trudde videoen var ekte

For Oskar Westerlin handlar det enn så lenge om leik og moro med den nye versjonen av Sora.

Men han har sjølv opplevd at folk trudde videoane hans var ekte.

– Bestemora mi trudde fleire av videoane mine var ekte, og eg tippar mange eldre kjem til å slite med å sjå forskjell.

Han trur at folk flest, spesielt unge, har blitt ganske gode på å registrere kva som er KI.

Han meiner det kan gjere ekte innhald meir verdifullt.

– Det er feitt å sjå på i starten, men du blir fort mett. Derfor trur eg ting frå verkelegheita kjem til å stå igjen som det mest interessante.

Publisert 16.10.2025, kl. 05.31

Read Entire Article