Om renta blir sett ned, er ikkje berre viktig for lommeboka di. Det er også viktig for Kamala Harris og Jonas Gahr Støre.

1 month ago 40



AFTENBLADET MEINER: Om renta blir sett ned eller ei, er ikkje berre viktig for lommeboka di. Det er også viktig for Kamala Harris og Jonas Gahr Støre.

Sentralbanksjef Ida Wolden Bache endra ikkje styringsrenta denne veka. Men ho signaliserte at renta også kan begynna å gå nedover frå neste år. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

iconLeder

Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Stavanger Aftenblads meninger og analyser.

Denne veka kom to renteendringar, på kvar si side av Atlanteren. I USA sette sentralbanksjefen onsdag ned renta med 0,5 prosentpoeng. Omtrent dobbelt så mykje som mange hadde venta.

I Norge valde sentralbanken torsdag å la styringsrenta bli liggjande på 4,5 prosent. Men sentralbanksjef Ida Wolden Bache kom samtidig med eit viktig signal om at tidspunktet for å setja renta ned, nærmar seg. I praksis betyr det at Noregs Bank ser for seg at renta skal gå nedover frå neste år av.

Dei aller fleste av oss har gjeld. Dermed spelar sentralbankens renteendringar direkte inn på vår private økonomi.

Sentralbankens renteendringar spelar også inn på politikken, der vår private økonomi har sterk effekt på kven me stemmer på ved val. Det klassiske spørsmålet Ronald Reagan stilte i tv-debatten med Jimmy Carter i 1980 – og som blei stilt til Kamala Harris i presidentdebatten mot Donald Trump – er: Har du betre råd i dag enn for fire år sidan?

I USA meiner mange at dei hadde det økonomisk romslegare under Trump enn under Biden. Økonomi er – saman med innvandring – Trumps sterkaste kort. Høg inflasjon og høge renter har dei siste åra gitt trongare økonomi for mange amerikanarar – sjølv om mange har fått reallønnsvekst og inflasjonen nå er på veg ned. Sentralbanken set ned renta fordi den amerikanske økonomien går godt.

Renteavgjerda kan dermed også vera godt nytt for Kamala Harris. Opplever amerikanarar flest at dei får litt betre råd før valet i november, er det godt nytt for Demokratane.

Personleg økonomi er også viktig i Norge. Statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum har gått langt i å garantera at folk ville få det betre økonomisk i løpet av 2024. Den venta reallønnsveksten i år vil vera eit argument i denne retninga.

Men det vil nok også vera politisk viktig for dagens regjering at renta begynner å gå nedover før stortingsvalet til neste år. Slik Harris nå får ei slags draghjelp i innspurten i den amerikanske valkampen, kan norske renteendringar påverka politiske val også her i landet.

Då er det ekstremt viktig å ha i bakhovudet at sentralbankane fattar sine renteendringar på sjølvstendig, uavhengig og makroøkonomisk grunnlag, ikkje på politisk-taktiske vurderingar.

Det er ingen grunn til å tvila på Jens Stoltenbergs faglege integritet. Hadde han takka ja til jobben som norsk sentralbanksjef i 2022, ville også han lagt økonomiske vurderingar til grunn for sine renteendringar. Men når det i staden blei Ida Wolden Bache, er det i alle fall ingen tvil om at Noregs Bank gjer sine vurderingar utelukkande basert på økonomi og ikkje politikk.

Publisert:

Publisert: 21. september 2024 09:00

Read Entire Article