Dermed vil oljefondet snart vere ute av til saman 23 israelske selskap sidan dei israelske investeringane for alvor vart sette under lupa.
Kva slags seks selskap dei allereie har selt seg ut av, er uvisst. Dei seks andre fondet har valt å stenge ute, vil oljefondet først opplyse om når dei har selt seg heilt ut.
– Noregs Bank og Etikkrådet har levert grundige og gode utgreiingar, og tiltaka som no blir varsla er viktige for pensjonsfondet, seier finansminister Jens Stoltenberg.
Han vil vere tilgjengeleg for pressa rundt klokka 13.30.
5. august sende Stoltenberg brev til Noregs Bank, som oljefondet er ein del av, og Etikkrådet, og bad dei gjere ein grundig gjennomgang av alle israelske selskap fondet var investert i.
Brevet vart sendt etter at Aftenposten sette søkelyset på oljefondet sin storgevinst i selskapet Bet Shemesh – eit selskap som også FriFagbevegelse stilte spørsmålsteikn ved i starten av juli.
For ei veke sidan varsla fondet at dei hadde selt seg ut av 11 israelske selskap.
Desse 11 selskapa var ikkje på Finansdepartementet si «handleliste», men selskap fondet sjølv aktivt hadde investert i. Fondet vil ikkje lenger gå inn i selskap som ikkje står på denne handlelista.
No har Stoltenberg fått nye svar frå Noregs Bank og Etikkrådet.
Der går det fram at oljefondet har sendt informasjon om fleire israelske selskap til Etikkrådet.
«Enkeltinvesteringar som er kritikkverdige eller forbunde med normbrot, men som ikkje når opp til terskelen for utestenging, vil førekome i investeringsporteføljen... Dersom forvaltninga heilt skulle unngå slik risiko ville det truleg gå ut over fondet sitt formål i betydeleg grad», skriv oljefondet i brevet til finansministeren.
Publisert 18.08.2025, kl. 12.16 Oppdatert 18.08.2025, kl. 12.52