Fotballekspert om Glimt sine sjansar: – Betre enn tidlegare

2 hours ago 3



I kveld blir det spelt ein historisk kamp på Aspmyra stadion, når Bodø/Glimt tar imot Tottenham til tidenes første Meisterliga-kamp nord for Polarsirkelen.

Det engelske storlaget vann Europaligaen i fjor etter å ha slått Glimt ut av turneringa i semifinalen.

Fotballekspert i NRK, Carl-Erik Torp, seier det er eit sterkt Tottenham-lag som skal møte Glimt. Men:

– Det er fordel Glimt at dei møttest såpass nyleg.

Torp har ei magekjensle på at Glimt har betre sjansar i kveld enn dei tidlegare kampane mot Tottenham og at Glimt tar tempo betre.

– Vi såg det veldig mot Slavia Praha borte. Det at dei kjem tilbake frå to mål under og slår tilbake på måten dei gjer, vitnar om ein heilt annan ro og tryggleik i slike store kampar.

Fotballeksperten trur likevel at sjansane til Bodø/Glimt hadde vore endå større med hardare vêrforhold.

– Sist Tottenham var her så regna det, i tillegg til at bana blei vatna. Eg trur Tottenham-spelarane synest at banen var litt for våt.

– Likevel, det er like forhold for begge lag, og det er jo ein nydeleg dag i Bodø å få Meisterligaen tilbake på norsk jord. Det er heilt utruleg.

Read Entire Article