Byter ut «P3­aksjonen» med nytt konsept: – Håpar eg ikkje kastar opp

4 hours ago 3



Etter 15 år med å bli låst inne i eit glasbur midt i bybilde eller i eit radiostudio, skal P3-profilane endeleg få nyta masse frisk luft under årets innsamlingsaksjon.

I staden for «P3aksjonen» skal tre P3-programleiarar gjennomføra «Tour de P3», der dei skal sykla 520 km frå Oslo til Bergen, og forhåpentlegvis samla inn pengar til ei god sak mens dei gjer det.

Årets innsamlingsaksjon går til Atlas-alliansen, ein organisasjon som hjelper folk med funksjonsnedsettingar i fattige og krigsherja land.

Innsamlinga skal bidra til å gi 200.000 menneske nødhjelp, utdanning og mogelegheita til et betre liv.

– Eg er redd

Det er «Pønsj»-programleiar Sindre Reinholt, «Anna»-programleiar Anna Nor Sørensen og «P3morgen»-programleiar Jonas Bergløv som er i hardtrening på sykkelsetet for tida.

Heldigvis får dei eksperthjelp av tidlegare proffsyklist Carl Fredrik Hagen.

«Tour de P3» startar tysdag 14. oktober frå NRK Marienlyst og dei tre skal vera framme ved Greighallen søndag kveld 19. oktober.

Programleiarane skal i snitt sykla 86 km og 1288 høgdemeter i seks samanhengande dagar. Ferda kan du følga på radiokanalen NRK P3, i appen NRK Radio og på P3 sin Instagram.

For å komma seg heile vegen frå Oslo til Bergen er Jonas, Sindre og Anna avhengige av motiverande ord og donasjonar frå både radiolyttarar og folk dei møter på vegen.

Tre menneske med sykkelhjelm klemmer

Ingen av desse er positive til sykling, men alle er positive til årets innsamlingssak!

Foto: Fanny Feragen Solheim / NRK

Gjengen begynte å trena til den heftige turen i slutten av august, med varierande motivasjon.

– Eg hatar å sykla som trening. Det er dritkjedeleg og det er skummelt å henga fast i dei pedalane i trafikken, fortel Anna Nor Sørensen (29).

Det er altså ikkje sjølve syklinga som lokka Anna til å seia ja til «Tour de P3». For ho er motivasjonen tredelt:

Eg synest det er gøy å gjera noko sjukt som eg aldri kjem til å få høve til å gjera igjen. Det ei viktig sak som eg vil få inn pengar til, og så er det så gøy å gjera sånne ting på P3!

Jente med sykkelhjelm smiler

Anna er bekymra for fleire ting før sykkelturen i oktober.

Foto: Fanny Feragen Solheim / NRK

Utanom ei vond hofte trur Anna at den største utfordringa blir været – særleg når dei skal sykla over Hardangervidda, der både frost og snø kan bli ei utfordring i oktober.

Eg er redd for å bli sliten, redd og kaldt, samtidig. Det er ikkje akkurat den heilage treeininga, seier ho og ler.

Eventyr og beinbrot

Sindre Reinholt (30) synast at landevegssykling er kjempekjedeleg, men synest at eventyr er kjempegøy.

– Eg veit ingenting om kva som kjem til å skje på reisa frå Oslo til Bergen, og det er noko pirrande ved det. Eg trur det blir heilt rått!

To menn på sykkel som smiler

Sindre og dei andre har fått treningshjelp av landevegssyklist Carl Fredrik Hagen.

Foto: Fanny Feragen Solheim / NRK

30-åringen fortel at han gret sjeldan, og han trur at alt som skal skje på «Tour de P3» kan bli litt deilig forløysande.

– Å samla inn pengar til utsette menneske rører ved eit eller anna inni meg som pressar godt på tårekanalane.

Både Anna og Sindre har tidlegare år gått igjennom tøffe utfordringar som programleiarar for «P3aksjonen», men for Jonas Bergløv (29) er det første gong han er med på P3 sin innsamlingsaksjon.

Eg er jo ikkje ein fyr som trenar, så det er fint å skulla starta med noko såpass ekstremt at det nesten blir dumt. Det er jo òg ein god motivasjon når du veit at pengane går til noko fint.

Mann med sykkelhjelm smiler

«P3morgen»-programleiaren Jonas er vane med å stå opp tidleg, men har han blitt vane med å sitta på sykkelsetet før turen set i gang?

Foto: Fanny Feragen Solheim / NRK

Det vart eit hardt første møte med landevegssykkelen og klikkpedalar, for det gjekk ikkje lang tid før Jonas tryna og knakk eit bein i handa. Men det er ikkje endå eit beinbrot som Jonas er mest bekymra for når dei skal i gang med «Tour de P3».

Eg gruer meg mest til å oppdaga kven eg er når eg er veldig sliten. Det veit eg ikkje, for eg er ikkje så ofte det. Og eg håpar at eg ikkje kastar opp, legg han til kjapt.

Med Jonas si hand, Anna sitt dårlege hofte og Sindre som har skada kneet sitt mens han sykla i fjellet, blir det spanande å sjå om alle kjem i mål i Greighallen i tide til «TV-aksjonen».

15 år med «P3aksjonen»

I 2009 vart den aller første «P3aksjonen» arrangert i Oslo, der Ronny Brede Aase, Ken Wasenius-Nilsen og Aishath Afeef sende direkteradio frå eit glasbur i 72 timar for å samla inn pengar til årets formål under TV-aksjonen.

Det utvikla seg etter kvart til å bli fire P3-profilar som sende 100 timar direktesending frå Trondheim, der dei fekk ville utfordringar som å få svimerke på rumpa, bli forvandla til alt frå It-klovnen til Crazy frog, og henga i kjøttkrokar.

  • Ronny Brede Aase 2009 P3aksjonen

    Ronny Brede Aase i 2009 under den aller første «P3aksjonen».

    Foto: Tom Øverlie / NRK
  • Ronny Brede Aas, Live Nelvik, Ken Wasenius-Nilsen 2010 P3aksjonen

    Ronny Brede Aas, Live Nelvik, Ken Wasenius-Nilsen var programleiarar i 2010.

    Foto: Tom Øverlie / NRK
  • Ken Wasenius-Nilsen, Ronny Brede Aase og Aishath Afeef

    Ken Wasenius-Nilsen, Ronny Brede Aase og Aishath Afeef i 2011.

    Foto: Kim Erlandsen / NRK
  • Velkjente P3-profilar i 2012

    I 2012 var Niklas Baarli, Ronny Brede Aase, Silje Nornes og Mathias Nylenna programleiarar.

    Foto: Tom Øverlie / NRK
  • Velkjente P3-profilar i 2014

    Det var ingen bilde frå 2013, så me hoppar rett til 2014.

    Foto: Jonas Jeremiassen Tomter / NRK
  •  Niklas Baarli har munkesveis

    Aksjonen i 2015 gjekk hardt utover sveisen til Niklas.

    Foto: Rashid Akrim / NRK
  • Ronny Breede Aase med hårextentions

    Mens Ronny fekk ein litt hyggelegare hårtransformasjon i 2016.

    Foto: Rashim Akrim / NRK
  • Ronny og Tuva er emo

    Kjærastane Ronny og Tuva fekk ein nydeleg par-makeover i 2017.

    Foto: Tom Øverlie / NRK
  • Adelina, Markus Ronny og Vida Lill har bleika og barbert hår

    2018 gjekk spesielt utover håret til programleiargjengen.

    Foto: Rashid Akrim / NRK
  • Ronny er kledd ut som klovnen frå It

    Ronny vart forvandla til klovnen Pennywise frå «It» i 2019.

    Foto: Kim Erlandsen / NRK
  • Martin Lepperød henger i kjøttkrokar

    I 2020 skjedde det mest ekstreme i aksjonen si historie, då Martin Lepperød hang i kjøttkrokar. Dette var ei utfordring som skjedde etter ønske frå Martin sjølv.

    Foto: NRK P3 / NRK
  • Adelina Ibishi vart forvandla til Voldemort

    Adelina Ibishi elskar «Harry Potter» og fekk draumeforvandlinga i 2021.

    Foto: NRK P3 / NRK
  • Anna, Arian, Henning og Karsten er kledd ut som forskjellige ting.

    Anna Nor Sørensen, Arianhood Engebø, Henning Bang og Karsten Blomvik fekk alle sære forvandlingar i 2022.

    Foto: Tom Øverlie / NRK
  • Egil, Henning, Galvan og Anna ser rare ut med parykkar

    Programleiarane blir ofte litt skrullete på slutten etter 100 timar sending. Her er Egil Skurdal, Henning Bang, Galvan Mehidi og Anna Nor Sørensen i 2023.

    Foto: NRK P3 / NRK
  • Henning kledd ut som ape

    Henning vart forvandla til Herr Nilsson i 2024.

    Foto: Tom Øverlie / NRK

No er det altså det første året sidan oppstarten at «P3aksjonen» ikkje blir laga.

Kanalsjef i NRK, Bjørn Tore Grøtte, fortel at det er viktig for NRK P3 å vera i utvikling.

– Derfor synest me det var rett å prøva noko nytt no etter 15 år med «P3aksjonen».

Om «P3aksjonen» kjem tilbake att seinare, er vanskeleg for han å seia noko om.

– Det kan godt henda me gjer noko liknande som «P3aksjonen» igjen, dersom det blir opplevd som rett. Samtidig er det viktig at NRK P3 utviklar nye konsept og eventar for å samla og begeistra unge folk.

Les meir om TV-aksjonen og årets sak, her!

Publisert 30.09.2025, kl. 08.00

Read Entire Article