Økonomar meiner folk bør sleppe å betale raskt ned på bustadlånet

1 month ago 25



Det finst mange krav dersom du skal låne pengar i dette landet. Desse krava står i utlånsforskrifta, som regjeringa har ansvaret for.

I dag må du for eksempel ha 15 prosent eigenkapital for å kjøpe ein bustad, og du kan ikkje låne meir enn fem gongar kor mykje du har i årsinntekt.

Ber regjeringa fjerne avdragskravet

I tillegg blir dei som har tatt opp eit lån som utgjer er meir enn 60 prosent av verdien på bustaden sin, tvungne til å betale avdrag på lånet kvar månad.

– Det er heilt unødvendig. Fordi det gjer at folk som eigentleg har god råd, kan ende opp med betalingsproblem. Det er folk som gjerne skulle ønske at dei kunne utsetje å betale avdrag, men som likevel blir tvungne, seier førsteamanuensis Martin Blomhoff Holm ved Universitetet i Oslo.

Han ber regjeringa tenke godt over konsekvensane og kva slags hushald utlånsforskrifta i dag råkar.

Slik vart utlånsforskrifta til

Utlånsforskrifta vart til i 2015, etter oljeprisfallet i 2014 – kor rentene gjekk ned og folk starta å låne mykje pengar.

Målet var at reglar for korleis bankane kunne låne ut pengar, skulle bidra til å redusere hushalda si gjeld og redusere den kraftige bustadprisveksten.

Sjølv om bankane har ein viss fleksibilitet til å gjere unntak frå reglane – som til dømes å gi avdragsfritak til nokre – meiner Holm at avdragskravet er noko regjeringa no må ta tak i:

– Eg håper regjeringa justerer utlånsforskrifta.

Martin Blomhoff Holm

UNØDIGE KOSTNADER: Førsteamanuensis Martin Blomhoff Holm meiner dagens reglar har mange unødige og usosiale konsekvensar.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Holm meiner at dagens reglar og krav også har andre usosiale konsekvensar.

For eksempel at ein er nøydde til å ha 15 prosent eigenkapital for å kjøpe bustad.

– Det gjer at dei som har god betalingsevne, ikkje kjem seg inn på bustadmarknaden. Medan unge med særleg rike foreldre har det mykje enklare med å kome inn, seier Holm.

Han meiner det hadde vore meir rettferdig om ein heldt seg til kravet om kor mykje gjeld ein kan ta opp i forhold til inntekt – som i dag ligg på fem gonger brutto årsinntekt.

Vil fjerne reglane, men åtvarar

Holm får støtte frå Jan Ludvig Andreassen, sjeføkonom i Eika-gruppen.

Andreassen meiner ein for eksempel bør gå frå fem til seks gongar inntekt. Førre gong Finanstilsynet kom med anbefalingar til regjeringa hausten 2022, meinte dei i staden at dei burde redusere maksgrensa til 4,5 gongar inntekt.

Sjefsøkonom i Eika Jan Ludvig Andreassen

BILAR OG BÅTAR: Jan Ludvig Andreassen peiker på 80-talet, og åtvarar mot å sleppe taket på alle kredittreglar samstundes.

Foto: Torbjørn Brovold / NRK

Eigentleg meiner Andreassen at heile utlånsforskrifta bør bli fjerna, men meiner det er risikabelt dersom det skjer for raskt.

– Vi kan ikkje ha ein tantete stat som blandar seg for mykje inn i folk sin privatøkonomi, seier Andreassen.

– Men vi lærte på 80-talet at det er farleg å losne på alle kredittreglar samstundes. Då kan vi risikere at folk lånar og kjøper bustader, bilar og båtar i blinde, med ein skikkeleg blåmåndag etterpå.

Peiker på bygging av fleire bustader

Det er regjeringa som har henda på rattet i denne saka, då ei forskrift ikkje går via Stortinget.

Anbefalingane frå Finanstilsynet skal ut på høyring i haust, før regjeringa skal konkludere før året er omme. Førre gong Finanstilsynet kom med anbefalingar, bad dei om innstrammingar – men regjeringa gjorde det motsette.

Siri Gåsemyr Staalesen

VENTE OG SJÅ: Bustadpolitisk talsperson Siri Gåsemyr Staalesen i Arbeidarpartiet vil vente og sjå på anbefalingane til Finanstilsynet og det som kjem fram i høyringa før ho konkluderer i saka.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Bustadpolitisk talsperson Siri Gåsemyr Staalesen i Arbeidarpartiet vil ikkje seie konkret kva ho tenker bør skje, før ho har sett anbefalingane og lest høyringssvara. Men:

– Dersom vi berre lét folk få låne meir, utan å bygge nye bustader, så vil berre bustadprisane auke, ved at folk får meir pengar å by for, seier Staalesen, som meiner det også er svært viktig at det også blir bygd fleire bustader.

Publisert 23.08.2024, kl. 08.15

Read Entire Article