Det har skjedd to brot på ei internettledning på finsk side.
Publisert 03.12.2024 07:58 Sist oppdatert 3 minutter siden
Det har skjedd eit nytt kabelbrot mellom Sverige og Finland.
Sveriges Radio melde dette først. Post- och telestyrelsen (PTS) stadfestar dette til Dagens Nyheter.
– Det har vore to kabelbrot på land i Finland. Det er netteigaren GlobalConnect som er råka og vi veit at dei reparerer desse skadane no, seier kommunikasjonsrådgivar Peter Ekstedt i PTS til Dagens Nyheter.
Teleselskapet Global Connect i Finland melder at underleverandøren har fiksa det første kabelkuttet som vart ramma. Det andre kabelkuttet er mest sannsynleg lokalisert, men utgraving er nødvendig for å verifisere og utføre reparasjonar.
Kabelbrotet har oppstått i Espoo og i Vihti.
Mistenkjer sabotasje
Brotet skjedde på ei internettledning, og blei oppdaga natt til tysdag.
- Regjeringa har teke informasjonen til etterretning. Dette tar vi på alvor. Det finske politiet etterforskar kva som har skjedd, og på grunn av omstenda rundt hendinga er det mistanke om sabotasje. Regjeringa er i kontakt med ansvarlege styresmakter og følgjer med på hendinga si utvikling, sier sivilforsvarsminister Carl-Oskar Bohlin til TV 2.
Svenske styresmakter er informert om hendinga. Finske styresmakter har starta etterforsking, melder Finlands samferdselsminister Lulu Ranne på X.
– Styresmaktene etterforskar saka saman med selskapet. Vi tar situasjonen på alvor, skriv Ranne.
Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) bekreftar til VG at Nato diskuterer ein ny strategi for å motstå hybride angrep, særleg frå Russland.
– Diskusjonen startar no. Det er ein del av ein utveksling av syn på korleis vi skal forhalde oss til Russland på lang sikt, også når krigen i Ukraina er over, seier Eide til VG.
Ukjent kor mange som er rammet
Det er ikkje klart kor mange som vart ramma av forstyrringar som følgje av kabelbrotet.
– Det er for tidleg å seie kva som forårsaka problemet. Hovudprioriteten vår akkurat no er å få tenestene til å fungera igjen, skriv Niclas Bergervik, kommunikasjonssjef i svenske Global Connect til Svenska Yle.
Niklas Ekström, informasjonssjef i Global Connect, seier til Finsk Yle at knekkepunkta ligg på landa i Espoo og Vihti. Han har inga informasjon om at politiet mistenkjer lovbrot i saka. Han veit heller ikkje korleis skaden skjedde.
Kablane går under jorda.
Fleire hendingar i det siste
I november blei det funne skadar på ein undersjøisk kabel mellom Finland og Tyskland og ein annan kabel mellom Sverige og Litauen.
Påtalemakta i Sverige sa 27. november at politiet etterforskar desse hendingane som moglege tilfelle av sabotasje.
Retting: TV 2 skreiv først at brotet hadde skjedd i Austersjøen. Det riktige er at det har skjedd på land, i Finland.