Nye vedtekter i Trøndelag Ap sender Giske ut på stemmesanking

1 month ago 16



Jo fleire medlem du har, jo fleire representantar.

Det seier Per Olav Skurdal Hopsø som legg fram vedtektene til Trøndelag Arbeidarparti.

Vedtektene sikrar alle kommuneparti 1 delegat når stortingsrepresentantar skal nominerast.

Dermed har Trondheim Ap 57 av 133 delegatar på nominasjonsmøtet i Sør-Trøndelag valkrets. Dette er 10 færre enn tidlegare.

Kommunepartiet mister fleirtalet, men beheld fleire representantar enn først antatt.

Sjølv om Trøndelag er eit fylke er det framleis to valdistrikt.

Giske må samle stemmer

På grunn av den store veksten til lokallaget Nidaros låg Trondheim Ap an til å få reint fleirtal på nominasjonsmøta. Men slik blir det altså ikkje.

– Med dei nye vedtektene for nominasjonen til stortingslista, vil Giske no vere avhengig av ganske mange stemmer frå resten av dei sørtrønderske kommunepartia om han vil gjere comeback på Stortinget.

Det seier politisk kommentator i NRK Trøndelag, Linda Bjørgan.

– Det er ikkje utenkeleg at han kan sanke stemmer her. Om alle 57 delegatar frå Trondheim Ap kjem til å stemme han fram, er meir tvilsamt.

Bør bu fast i Trøndelag

I tillegg har fylkespartiet vedtatt at stortingsrepresentantane bør bu fast i Trøndelag.

I dag er det berre Eva Kristin Hansen frå Trøndelag som ikkje har fast bustad i fylket. Ho bur i Akershus, men har takka nei til attval.

– Etter at Eva Kristin Hansen trakk seg frå renominasjon, har svært mange peika på Karianne Tung som den openberre førstekandidaten for Ap i Sør-Trøndelag, seier Bjørgan.

– Ho vil også representere Trondheim og då vil det nok komme eit krav om at andrekandidaten kjem frå ein annan stad enn Trondheim. Det kan hindre Giske ei topplassering på lista.

Trond Giske har framleis bustadadresse i Trondheim sjølv om familien bur i Oslo.

Read Entire Article