Russetida: – Må ein flytte noko, så er det betre å flytte eksamen

1 week ago 19



Årets russefeiring er godt i gang over heile landet. Lyden av russebussar pregar bybilda og dei raude og blå dressane er eit sikkert vårteikn.

Men i kor stor grad går russetida utover skulen? Rundt éin av fire mellom 18–29 år meiner at russetida påverka skulearbeidet deira negativt.

Samtidig meiner rundt halvparten, i same aldersgruppe, at eksamensresultata deira hadde blitt betre om russefeiringa var etter eksamen. Det viser ei undersøking Norstat har gjort for NRK.

– Er du ute kvar dag og ikkje bryr deg om skulen, så kan ein sikkert få dårlegare karakterar eller prestasjonar. Men om ein får ei fin balanse i det, så trur eg det går fint.

Det seier Guro Pettersen som er russepresident ved Latinskolen i Ålesund.

Russepresident ved Latinskolen, Guro Pettersen.

Guro Pettersen er russepresident ved Latinskolen i Ålesund.

Foto: Remi Sagen / NRK

Vil ikkje flytte russetida

Pettersen synest at russetida bør vere som den er no og at den høyrer heime i mai.

– Det er i mai ein ser russen med dressane sine og dei går i toget på 17. mai. Må ein flytte noko, så er det betre å flytte eksamen. Så kan ein heller ha nokre ekstravurderingar i slutten av skuleåret.

Ho får støtte av medelevane sine ved Latinskolen. Dei meiner at det går fint å kombinere både russefeiring og skule.

– Dagen før vi har prøver og slike ting, så drikk eg ikkje. Då vel eg heller å øve, seier Karsten Vingen og får støtte av medelevane.

– Eg trur ikkje det hadde gått utover eksamensresultata, seier Noor Larsen.

– Det er knytt så mykje tradisjon til å ha feiringa i mai. Eg trur det hadde øydelagt litt å flytte den, seier Hans Magne Godø.

Hans Magne Godø, russ ved Latinskolen i Ålesund.

Hans Magne Godø seier det er mykje tradisjon knytt til at russefeiringa er i mai.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ser fordelane med flytting

Blant tidlegare russ på Blindern campus i Oslo er det delte meiningar om når russetida bør vere. Fleire fortel at russetida ikkje påverka deira resultat. Likevel ser dei fordelane med å ha eksamen før feiringa.

– Eg trur mange er redde for å gå glipp av ting, og så blir dei kanskje med når dei heller skulle ha jobba med skule, seier Oda Fagerlid Sønju.

Maren Grytbakk Tronsaune til høgre og Oda Fagerlid Sønju til venstre.

Maren Grytbakk Tronsaune og Oda Fagerlid Sønju ser fordelane med å flytte russefeiringa til etter eksamen.

Foto: Tobias Sakrisvold Martinsen / NRK

– Det gir sikkert ei større fridomskjensle å ha russetida etter eksamen, men så er det noko spesielt med mai og russetid, seier Maren Grytbakk Tronsaune.

Andreas Kjernlie er ein av dei som trur at feiringa gjekk utover prestasjonane hans på skulen.

– Eg hadde ei kul russetid. Men eg la meg for seint og greidde ikkje heilt å konsentrere, så det var nok litt negativt.

Andreas Kjernlie

Andreas Kjernlie trur nok at russefeiringa gjekk utover prestasjonane hans på skulen.

Foto: Tobias Sakrisvold Martinsen / NRK

Vil ha eksamen før russetida

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) synest at resultata i undersøkinga er interessante.

– Eg meiner det bekreftar at russefeiringa bør vere etter eksamen. Vi kan ikkje utelukke at dette påverkar resultata.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) seier dei jobbar for å flytte russefeiringa til etter eksamen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Regjeringa har tidlegare varsla at dei vil at russetida skal vere etter eksamen, seinast frå 2026.

Kunnskapsministeren meiner det er god nok tid til å få ei endring frå 2026. Ho håper at dei også vil få med seg russen og dei kommersielle aktørane på ei flytting av russetida.

– Dette er viktig for å fremme læringa, og det er det som må stå i fokus etter 13-års skulegang. Eg unner russen ei skikkeleg feiring, det fortener dei verkeleg. Men det må skje i verdige former, og ikkje minst etter at siste eksamen er over.

– Kan det bli aktuelt å flytte eksamen nærare sommaren?

– Eg vurderer alle alternativ for å få dette til. Det viktigaste er at russetida kjem etter eksamen.

– Har vore ei bekymring

Thom Jambak i Utdanningsforbundet er ikkje overraska over resultata i undersøkinga.

– Lærarar i den vidaregåande skulen har i fleire år uttrykt bekymring for russetida og korleis den påverkar skulen.

Thom Jambak i Utdanningsforbundet

Thom Jambak i Utdanningsforbundet meiner det er bra at tidspunktet for russetida er oppe for diskusjon.

Foto: Tobias Sakrisvold Martinsen / NRK

Jambak meiner løysinga er å utsette feiringa til etter eksamen.

– Å flytte eksamen er komplisert. Skal ein flytte den tidlegare så vil det få ein inneverknad på timetalet som elevane skal ha i løpet av eitt år. Det kan også få konsekvensar for lærarane sitt arbeidsår.

– Russefeiringa er privat, så vi kan ikkje vedta å flytte den. Vi må snakke med ungdomane, lærarane, politikarane og andre involverte for å finne løysingar på dette, legg han til.

Fryktar for samhaldet

Tilbake i Ålesund fryktar russen at samhaldet ikkje blir like bra om russetida blir flytta nærare sommaren.

– Om den blir flytta heilt til juni, så er det ikkje sikkert at alle kan vere med. Nokre skal kanskje jobbe, ut å reise eller flytte dit dei skal studere. Du vil jo ha med alle, det er viktig for inkluderinga, seier Guro Pettersen, russepresident på Latinskolen.

Ho vektlegg at dei har jobba mykje for ei inkluderande russetid.

– Russetida er ikkje berre det som skjer på kvelden, men at vi også kan møtes på skulen. Det er ein stor del samhaldet og feiringa, og eg trur ein kan miste det om ein flytter russetida.

Guro Pettersen er russepresident på Latinskolen i Ålesund.

Guro Pettersen fryktar at ein mister mykje av samhaldet om russefeiringa blir flytta til sommaren.

Foto: Remi Sagen / NRK

Publisert 05.05.2024, kl. 22.21

Read Entire Article