Nye bilete viser dei veldige skadane

17 hours ago 8



Det brann framleis tysdag morgon etter at lasteskipet Solong køyrde inn i oljetankskipet Stena Immaculate i Nordsjøen måndag formiddag.

Litt over klokka ti viser bilete frå BBC at brannen ser ut til vere sløkka.

Det er enno ikkje klart kva som er årsaka til ulukka, men det er starta etterforsking av hendinga. Oljetankaren Stena var ankra opp, medan lasteskipet Solong køyrde inn i det.

36 personar blei frakta i land etter hendinga. Ein person frå lasteskipet Solong er framleis sakna, skriv Sky News tysdag morgon.

Kyle Fawkes, krisekommunikasjonsleiar i shippingselskapet som eig Solong, skriv i ein e-post til NRK at 13 av mannskapa deira på 14 har kome trygt i hamn.

Søket etter den sakna blei avslutta litt før klokka 22 måndag kveld, skriv den britiske kystvakta på sine sider.

Det er venta ei ny oppdatering frå Kystverket tysdag føremiddag.

Lydopptak av det som skal vere ei førespurnad om bistand etter ulukka.

Fryktar konsekvensar for miljøet

Tankskipet Stena frakta drivstoff til fly av typen Jet-A1 for det amerikanske forsvarsdepartementet.

Den britiske kystvakta har sidan ulykka jobba med å hindre lekkasjar frå tankskipet.

Lasteskipet Solong hadde på si side 15 konteinarar med det giftige stoffet cyanid om bord, ifølge nyheitsbyrået Reuters. Det er førebels ikkje kjent om cyanidet har lekka ut frå skipet.

Måndag sa driftsdirektør i Yorkshire Wildlife Trust, Martin Slater, til NRK at området er heim for store og verna koloniar sjøfuglar, som lundefugl, alker, havsule og krykkje.

Han frykta for dyrelivet i området – viktige fiskebestandar og titusenvis med overvintrande fuglar og trekkfuglar.

En gruppe lundefugl står oppover langs en hvit fjellhylle/knaus. Det er grønt gress mot toppen. Fuglene er hvite, svarte på ryggen og har oransje føtter.

Lundefugl ved Bempton Cliffs i Yorkshire, rett nord for der ulukka skjedde.

Foto: OLI SCARFF / AFP / NTB

Jet-A1 er den mest brukte flybensinen også i kommersielle passasjerfly.

Det norske Kystverket seier til NRK tysdag morgon at dei har gjort eigne berekningar av det potensielle skadeomfanget.

Desse viser at det er lite truleg at store mengder flybensin vil nå strender i området, før det fordampar eller brenn opp.

– Det vil likevel avhenge av temperatur, bølger og vind. Vi har heller ikkje tatt imot informasjon om det er observert utslepp av bunkersolje frå fartøya, opplyser direktør for miljøberedskap, Hans Petter Mortensholm.

Ifølge han ser det ut til at konsekvensane er kjem til å vere lokale.

Er du interessert i utanriks? Høyr utanriksredaksjonens nyaste podkast:

Publisert 11.03.2025, kl. 10.55 Oppdatert 11.03.2025, kl. 11.28

Read Entire Article