Nye angrep – ber folk i Libanon om å evakuere 

2 hours ago 2



Talsperson for Det israelske forsvart (IDF), Daniel Hagari gjekk måndag morgon ut med ei åtvaring til sivile sør i Libanon. Han sa at dei bør evakuere, særleg dersom dei bur nær område der Hizbollah lagrar rakettar eller tidlegare har brukt som utgangspunkt for angrep.

Ifølgje IDF har Israel så langt angripe 150 mål i Libanon. Det libanesiske nasjonale nyheitsbyrået skriv at israelske kampfly gjennomførte meir enn 80 angrep i løpet av ein halvtime i Nabatieh-området.

Fleire landsbyar sør og aust i Libanon skal vere utsette for angrep, ifølgje augevitne.

– Opptrapping

Avisa Haaretz melder at flyalarmen har gått nord i Israel, nær grensa mot Libanon.

Jørgen Jensehaugen, seniorforsker ved Institutt for fredsforskning.

Jørgen Jensehaugen.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

– Når Israel ber sivile evakuere, er det heilt klart ei opptrapping av konflikten, eit teikn på at dei planlegg å bombe kraftigare, seier Midtausten-ekspert og seniorforskar ved fredsforskingsinstituttet Prio, Jørgen Jensehaugen.

– Vi kan ikkje sjå bort frå at Israel er villig til å sende nokre soldatar inn i Libanon for å sikre grensa mellom landa. Det vil i så fall vere ei kraftig eskalering, seier han.

Daniel Hagari er talsperson for IDF.

Daniel Hagari.

Foto: GIL COHEN-MAGEN / AFP

– Vil gjere det som trengst

Daniel Hagari fekk spørsmål om Israel har planar om ein bakkeinvasjon inn i Libanon. Han svarte då at dei er villige til å gjere det som trengst for å sikre områda nord i landet.

– Det Israel nok ønskjer å gjere, er lage ei buffersone sør for Litanielva i Libanon, slik at israelarar kan flytte tilbake til Nord-Israel. Problemet er at ein då skaper ein situasjon der Hizbollah blir tvinga til å svare, og så står ein plutseleg i ein alvorleg krigssituasjon der Hizbollah bruker meir langtrekkjande rakettar i angrepa sine, seier Jensehaugen.

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) seier han er uroa over opptrappinga i Midtausten dei siste dagane.

NRK møtte han i New York søndag, der han skal delta på FN si hovudforsamling.

– Israelske styresmakter har sagt at dei ønskjer å opne ein nordleg front. Og det har dei jo gjort blant anna med angrepa sine inn mot Libanon. Og då kjem det angrep tilbake frå Hizbollah inn mot Israel, og det eine tar det andre. Og det verkeleg store spørsmålet er jo om Iran blir involvert, sa Eide.

Lebanon Mideast Tensions

Røyken stig opp frå landsbyen Kfar Rouman etter angrep måndag morgon.

Foto: Hussein Malla / AP

– På randa av katastrofe

Etter angrepet for ei veke sidan, der personsøkjarar som Hizbollah-medlemmer bruker eksploderte, har angrepa og uroa mellom partane auka. Natt til søndag skaut Hizbollah over 100 rakettar inn i Israel, som svarte med å skyte fleire rakettar inn i Libanon.

Den israelske forsvarsministeren, Yoav Gallant, sa søndag at landet kjem til å halde fram med angrepa i tida som kjem.

Samtidig sa FN sin spesialkoordinator i Libanon, Jeanine Hennis-Plasschaert, at regionen er på «randa av umiddelbar katastrofe» og at ein større militærinnsats berre vil gjere situasjonen verre.

Meir frå Utanriksredaksjonen:

Publisert 23.09.2024, kl. 08.28 Oppdatert 23.09.2024, kl. 09.19

Read Entire Article