Ny skadesmell for Real Madrid

2 weeks ago 15



6. november 2024 kl. 14:35

OL-medaljevinnar reiser tilbake til Georgia

Grace Bullen, som tok bronse i 62-kilosklassen i fribryting i Paris, reiser onsdag tilbake til Georgia. Der held ho fram satsinga mot OL i Los Angeles i 2028, men neste haust flyttar ho heim til Norge.

– Eg hadde ikkje planlagt å vende heim til Norge om ikkje trenaren min Zurab Iakobishvili skal gjere det same, i tillegg til at forbundet har bestemt seg for å satse på kvinnene, seier Bullen til NRK.

Tidlegare i haust vart det kjent at Bullen vender tilbake til det norske landslaget, men ho skal likevel ha base i Georgia dei ti neste månadane.

– Medaljen min i OL har nok hatt mykje å seie for at det no blir satsa på kvinnene. Alle forbund er ute etter medaljar, seier Bullen.

Sjølv skulle ho ønske at satsinga som no er vedtatt hadde vore på plass allereie for ti år sidan.

– No håper eg at dei som er ti år yngre enn meg får ei tilrettelegging som gjer at dei kan få endå betre resultat enn meg, seier Grace Bullen.

Ho merkar at interessa for både henne og bryting har auka etter OL-bronsen. Denne hausten har Bullen blant anna halde mange føredrag, i tillegg til å bli kjent igjen av både barnehageborn og eldre - noko som er uvant for henne.

– Tida etter OL har vore fantastisk, sjølv om eg berre har hatt fire feriedagar. No er målet gull i 2028, varslar Grace Bullen.

Grace Bullen

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK
Read Entire Article