Nord-Korea lærer om krig i Ukraina: Sør-Korea er naive, meiner ekspert

23 hours ago 8



Nord-Korea sender militært utstyr og fleire tusen soldatar i Russland sin krig mot Ukraina.

Plutseleg blei Nord-Korea landet i Aust-Asia med mest erfaring i moderne krigføring, ifølge The Guardian.

Ein kunne difor trutt at Sør-Korea ville stått på bremsene og rope varsku. Men responsen deira har ein høyrt lite til.

Ein nabo i krig

Ifølgje eit Bloomberg-intervju med sjef for militær etterretning i Ukraina, Kyrylo Budanov, står Nord-Korea for 40 prosent av all ammunisjonen som Russland brukar i krigen mot Ukraina.

Så langt har Nord-Korea sendt 13 000 soldatar til Moskva. I august er det venta at dei skal sende enno fleire, ifølge det sørkoreanske nyhendebyrået Yonhap.

Vladimir Putin og Nord-Koreas leder Kim Jong Un poserer sammen

Under ein seremoni i juni i fjor signerte Putin og Kim ein avtale der dei begge plikta seg til gjensidig forsvar ved ekstern aggresjon.

Foto: AP

I april stadfesta Nord-Korea at dei også har sendt soldatar til Ukraina-krigen.

Dette vitnar om eit stadig tettare band mellom den nordkoreanske leiaren Kim Jong-un kallar for «blodalliansen»: Russland og Nord-Korea.

Frå alliansen får Nord-Korea først og fremst militær erfaring, men ved å selje våpen får dei også etterlengta utanlandsk valuta inn i ein skjør økonomi.

– Naivt

– At Nord-Korea no får mykje erfaring i moderne krigføring er ei forandring i spelet. Eg trur sørkoreanarane ikkje enno har innsett kor farleg dette faktisk er, seier demokratiforsker Casper Wits ved Universitetet i Leiden.

  • Underviser i Aust-Asia ved Universitetet i Leiden Casper Wits.

    Casper Wits

    • Undervisar i austasiatisk historie ved institutt for områdestudium ved Leiden Universitet i Nederland. 

– Det viser at det generelt er ein naivitet når det kjem til slike problem i Sør-Korea, seier Wits.

Sidan 1948 har dei nordlege og sørlege delane av den koreanske halvøya vore delt i to land. Med eit lukka kommunistisk styre i nord og eit kapitalistisk og ope styre i sør er dei teknisk sett framleis i krig.

– Om det skulle bli militære konfrontasjonar mellom nord og sør, vil Nord-Korea i teorien kunne bruke den nye krigserfaringa si mot sør, seier Vladimir Tikhonov som underviser i Sør-Korea-studium ved Universitetet i Oslo.

  • Vladimir Tikhonov

    Vladimir Tikhonov

    • Professor i koreansk historie ved Universitetet i Oslo. 

Han er noko meir tilbakehalden enn Wits.

– Blant dei militære kretsane i Sør-Korea forstår dei trugselen, men politisk har responsen vore veldig stille, seier Tikhonov.

Sør-Korea sender ingen våpen direkte til Ukraina, men har sendt ein humanitær pakke på 100 millionar amerikanske dollar. Tikhonov peiker på at mange sørkoreanarar opplever krigen i Ukraina som langt borte.

Saknar Russland som handelspartnar

Men nokre tiltak har Sør-Korea gjort. Dei har teke del i dei økonomiske sanksjonane mot Russland etter fullskalainvasjonen av Ukraina. Det er også eit av dei få landa utanfor NATO som har via støtta si til Kyiv.

Også sørkoreanske krigsveteranar frå Vietnam-krigen har protestert mot at Nord-Korea tek del i krigen i Ukraina.

Rettslege restriksjonar gjer slik at Sør-Korea og sørkoreanske verksemder ikkje har lov til å sende våpen til land i krig. I staden for har dei sendt våpen til Polen, som seinare går til Ukraina. Dette har møtt motstand.

en gruppe mennesker som holder skilt

I oktober i fjor var det protestar i Sør-Korea mot å sende våpen til Ukraina.

Foto: Ahn Young-joon / AP / NTB

Før krigen var Russland ein av Sør-Korea sine aller viktigaste handelspartnarar.

Tikhonov trur den dempa responsen frå Seoul kan ha røter i eit ynskje om å ta opp att handelen med Russland. Før krigen var Russland den femte største handelspartaren til Sør-Korea.

– Det verkar ganske naivt å ynskje å normalisere forholdet med Russland no. Eg trur ikkje det er realistisk ein gong, meiner Wits.

En gruppe flagg foran en bygning

Medan krigen rasar i Ukraina, blir den russiske presidenten hylla i Nord-Korea.

Foto: KIM WON JIN / AFP / NTB

Både Tikhonov og Wits peikar på at styresmaktene i Sør-Korea har hatt avgrensa kapasitet til å handtere utanrikspolitiske saker. Det har vore eit turbulent år innanriks i Sør-Korea.

Med eit forsøkt statskupp og ein president i riksrett er det berre knappe to månadar sidan Lee Jae-myung frå venstresida blei innsett som ny president.

Den no avsette presidenten, Yoon Suk-yeol, var meir skeptisk til Russland og Nord-Korea. Wits trur tystnaden frå Sør-Korea difor vil berre bli enno tydelegare med den nye regjeringa.

– Den politiske venstresida i Sør-Korea har alltid hatt ein mjukare tone mot Nord-Korea. Dei har meir tru på samtalar med dei, seier Wits.

«Blodalliansen»

Den nordkoreanske leiaren Kim Jong-un lét der ikkje vere noko tvil om kva han meiner om Russland. Nord-Korea er klar for «vilkårslaus støtte til Russland» sa han til russiske diplomatar for berre to veker sidan.

Og Russland står med opne armar.

en gruppe mennesker som står foran et fly

Tysdag var det nok ein gong duka for varm velkomst for ein russisk minister under eit offisielt besøk til Nord-Korea.

Foto: Jon Chol Jin / AP / NTB

I juni var den russiske kulturministeren Olga Ljubimova i Pyongyang på ei storslått kulturell framføring.

Utanriksminister i Russland, Sergey Lavrov, blei teken imot av ein smilande nordkoreansk leiar Kim Jong-un i Wonsan. Dette var Lavrov sitt tredje besøk til Nord-Korea på tre månadar.

I tillegg startar også kommersielle direkteflygingar mellom Moskva og Nord-Korea for første gong sidan 90-talet.

Interessert i meir stoff frå utanriks? Då kan du høyre podkasten vår her:

Publisert 31.07.2025, kl. 21.04

Read Entire Article