– Dette er det aller verste med heile rettssaka.
Det seier ei av dei fornærma kvinnene om at video frå gynekologisk undersøking av ho skal visast for retten.
Totalt er 77 av dei 94 fornærma kvinnene filma. I tillegg er fleire av dei 114 kvinnene som har fått saka si lagt bort også filma.
– Det er ein ting at journalistar eg aldri møter igjen skal sjå videoar av underlivet mitt. Men å vite at den lokale journalisten på Frosta, som du møter på butikken skal sjå, det er vanskeleg, legg kvinna til.
Men no blir ikkje videoane vist for pressa likevel.
Tingretten snur: Pressa får ikkje sjå videoane
Først ønska Bistandsadvokatane til dei fornærma kvinnene at pressa ikkje skulle vere til stades i rettssalen.
Så blei ikkje tatt til følge og dommar i Trøndelag tingrett, Einar Holaker, påpeika i ein e-post at pressa har ein viktig kontrollfunksjon i retten og må få vere til stades.
– Dette vil gjere pressa betre skikka til å følge bevisførselen, deriblant å ettergå påtalemakta si framvising av dokument og/eller videofiler.
Det blei då også bestemt at pressa skulle sjå alt av bevismateriell som blir lagt fram i rettssaka.
Men no har tingretten snudd: Pressa får vere til stades, men ikkje sjå videoane.
– Det blir ikkje spelt av videoopptak som pressa for sjå. Det blir ikkje spelt av på skjermane i salen av omsyn til dei fornærma.
Det sa Espen Haug, dommar i rettssaka mot den tiltalte legen, i retten fredag.
– Færrast mogeleg skal sjå, la han til.
Videoane blir spelt av på små skjermar som berre dommarane, aktoratet, forsvararane, bistandsadvokatane, sakkunnige, tiltalte og dei fornærma kan sjå.
Dermed vil pressa som er til stades i salen høyre lyden av videoane og det blir lagt fram ein rapport som beskriv innhaldet i videoopptaka.
– Som å balansere på ei line
Lokalavisa på Frosta, Frostingen, seier dei på førehand hadde vald at dei ikkje skulle sjå videoane til omsyn til dei fornærma.
– Som lokalavis er me opptatt av å trå ekstra varsamt i denne sensitive saka – særleg med tanke på identifisering og detaljnivå.
Det seier Sigfrid Hagerup, journalist og redaktør i Frostingen. Ho fortel at avisa ikkje kjem til å referere til innhaldet i videoane med mindre det bidreg til vesentleg informasjon i saka.
Lokalavisa er ein liten redaksjon, beståande av kvinnelege journalistar som kjenner fleire av dei fornærma. Difor har dei leigd inn ein ekstern journalist for å dekke dei fornærma sine forklaringar i retten.
– Han kjem frå Frosta, men har ikkje budd her på mange år og har dermed ikkje like mange relasjonar til dei fornærma som oss som bur her fast.
Frostingen seier dei ønsker å vareta dei råka sin anonymitet og verdigheit, samstundes som dei belyser kva som faktisk har gått føre seg på legekontoret.
– Å vere lokalavis når ei så omfattande og alvorleg sak rammar bygda vår er som å balansere på ei line.
Sentralt bevismateriell for begge partar
Både aktoratet i saka og forsvararane til Arne Bye skal bruke delar av videoane som bevis i saka.
Aktoratet skal vise video for å bevise at Bye har gjort det han er tiltalt for, medan forsvararane skal vise video for å motbevise det som står i tiltalen.
Sjølv fortalde Bye at han filma i tilfelle han fekk klagesaker mot seg.
– Nokre gonger brukte eg det som ei forklaring ovanfor meg sjølv at det var kjekt å ha dokumentasjon for å sjekke at eg faktisk hadde gjort ting som eg ønska å gjere dei, sa Bye den første veka i retten.
Politiet fann til saman 47.000 videoar og over 387.000 biletfiler av pasientar heime hos Arne Bye.
Forsvararane til Bye kjem til å vise enkelte delar av videoane, medan aktoratet kjem til å vise andre delar.
– Me har videoopptak av sjølve overgrepet. I så måte har me ein ganske spesiell bevissituasjon i saka, ved at store delar av tiltalen er belyst med videomateriell.
Det sa aktor Richard Haugen Lyng første dag i retten.
Hei!
Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven vi burde snakke med?
Da vil vi veldig gjerne høyre frå deg!
All informasjon blir behandla konfidensielt.
Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit
Journalistar i NRK Trøndelag
Publisert 19.11.2024, kl. 07.16