Den nye Nato-operasjonen «Eastern Sentry» skal styrke forsvaret av den austlege flanken til alliansen.
Austflanken inkluderer Polen og dei baltiske landa, altså landa lengst aust i alliansen. Dette er også Natos grenseområde mot Russland.
Operasjonen skjer i kjølvatnet av at russiske droner krenka polsk luftrom natt til onsdag.
Eininga vil omfatte styrker frå mellom anna Danmark, Frankrike, Storbritannia og Tyskland, og integrerer både luft- og bakkeforsvar.
Nato-sjef Mark Rutte på pressekonferansen.
Foto: Omar Havana / Reuters / NTBDet seier Rutte på ein pressekonferanse, der han understreker behovet for å styrke kapasiteten til å svare på gjentatte og aukande angrep frå Russland.
– Russlands omsynslause i lufta aukar i omfang. Det er farleg og uakseptabelt.
Nato skal mellom anna auke overvåkinga og beredskapen langs den austlege grensa, særleg i luftrommet og i område med kritisk infrastruktur.
Ventar ikkje
Natt til onsdag skaut polske styrkar, med støtte frå Nato-styrkar, ned fleire russiske droner i polsk luftrom.
Det seier Natos militære øvstekommanderande, Alexus Grynkewich.
– Overtrampet mot Polens luftrom er ikkje ei isolert hending, og det påverkar ikkje berre Polen. Vi vurderer framleis hendinga, men Nato ventar ikkje, vi handlar, seier han.
Tyskland, Frankrike og EU har fredag kalla inn Russlands ambassadørar på teppet som følge av hendinga.
Torsdag gjorde Sverige, Tsjekkia, Nederland og Spania det same.
Publisert 12.09.2025, kl. 17.20 Oppdatert 12.09.2025, kl. 17.41