Naoblag blir evakuert etter funn av flasker med acetylen i bil i brann

2 weeks ago 14



Politiet i Ålesund evakuerer no eit nabolag i Hamnegata på Aspøya vest for sentrum etter funn av to flasker med acetylen i ein bil som brenn.

Acetylen er ein fargelaus gass som er svært brennbar. Politiet fryktar at varmen i bilen kan føre til at dei to gassflaskene eksploderer.

– Dersom desse eksploderer så er skadepotensiale stort, seier operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Han seier dei no har evakuert fire leiligheitshus. Dei ventar på ei yttelegare tilbakemelding frå brannvesenet på om dei bør evakuere fleire.

Tor-Andre Gram Franck, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Operasjonsleiar Tor-Andre Gram Franck.

Foto: Casper Kanestrøm / Politiet

Har kalla inn skarpskyttar

Politiet har kalla inn ein skarpskyttar for å prøve å skyte hol på flaskene før dei eventuelt eksploderer.

Kriseleiinga i kommunen er varsla og folk blir fortløpande evakuerte til Parken hotell i Ålesund sentrum.

Reknar med det kan bli nokre hundre meter

– Det er oppretta ei tryggleikssone rundt bilen, seier vaktleiar Rian Morrison på 110-sentralen i Møre og Romsdal. Han anslår at denne er på nokre hundre meter.

Han seier at gassen acetylen blir brukt i samband med sveising og skjærebrenning.

Bilen er parkert i eit industriområde, men med fleire hus og ei stor bustadblokk like ved.

Nabolag i ferd med å evakuere

Politiet melde først at bilen hadde køyrt i ein fjellvegg, men kort tid etter blei dette endra.

No er altså nabolaget i ferd med å bli tømt.

Naudetatane er på staden.

Brann

Publisert 24.09.2024, kl. 18.04 Oppdatert 24.09.2024, kl. 18.59

Read Entire Article